Henrik Ingebrigtsen
Henrik Ingebrigtsen (fødd 24. februar 1991) er ein norsk mellomdistanseløpar frå Sandnes. Ingebrigtsen spring for Sandnes Idrettslag. Veslebror hans, Filip Ingebrigtsen er også mellomdistanseløpar og deltok i junior-VM 2012.
Henrik Ingebrigtsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. februar 1991 (32 år) Sandnes kommune |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Karriere endre
Henrik Ingebrigtsen har ei rekkje gonger vorte juniornoregsmeister, på både 800 meter, 1500 meter og på hinderløp, 2000 meter. Henrik Ingebrigtsen tok den einaste gullmedaljen Noreg fekk under EM i friidrett 2012 i Helsingfors. Han tok rekorden på 1500 meter.
Ingebrigtsen fekk også delta for Noreg under sommar-OL 2012 i London.[1] I London sprang Ingebrigtsen seg heilt til finalen på 1500-meter og vart kjend for taktikken og dei iskalde løpsavslutningane sine.[2] I finalen den 7. august enda han på ein femteplass med tida 3.35,4. Dette var ny norsk rekord, 3 tidelar unna bronsemedaljen og fem tidelar unna sølvet; eit sterkt løp av Ingebrigtsen som då var 21 år gamal og OL-debutant.[3] Gullmedaljen gjekk til Taoufik Makhloufi frå Algerie framfor Leonel Manzano frå USA og Abdalaati Iguider frå Marokko.[4]
Nokre resultat endre
- Sølv på 1500 meter (3.48,43) i NM i friidrett 2009
- Gull på 1500 meter (3.46,50) i NM i friidrett 2010
- Bronse på 800 meter (1.50,84) i NM i friidrett 2010
- Tok ny noregsrekord på 1500 meter 29. april 2012 og sletta rekorden til Lars Martin Kaupang frå 1976.
- Tok ny noregsrekord på ei engelsk mil i Crystal Palace i London (3.54,28) den 14. juli 2012, og sletta rekorden til Knut Kvalheim frå 1974.
- Gull på 1500 meter (3.46,20) i EM i friidrett 2012 i Helsingfors.
- Femteplass på 1500 meter-finale og ny norsk rekord (3.35,4) under sommar-OL 2012 i London.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Henrik Ingebrigtsen» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2012.
Fotnotar endre
- ↑ «Her er hele den norske OL-troppen», dagbladet.no (på norsk), 12. juli 2012, henta 21. april 2023
- ↑ Nrk.no, 05.08.12: Ingebrigtsen skifter ikke taktikk
- ↑ Nrk.no, 7. august 2012: Ingebrigtsen femtemann på 1500
- ↑ Finalen på 1500 m frå nettsidene til OL i London, arkivert frå originalen 22. juli 2012, henta 22. juli 2012