Taoufik Makhloufi

Taoufik Makhloufi (fødd 29. april 1988) er ein algerisk mellomdistanseløpar som vart olympisk meister på 1500 meter i 2012, og tok sølvmedaljane både på 800 m og 1500 m ved OL 2016.

Taoufik Makhloufi


Taoufik Makhloufi i 2012

Statsborgarskap Algerie
Fødd 29. april 1988 (35 år)
Souk Ahras
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2012 – 1500 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 800 meter menn, athletics at the 2011 All-Africa Games – men's 1500 metres, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 1500 meter menn

Utmerkingar

Algeries nasjonale fortjenstorden

Aktiv endre

Makhloufi sette personleg rekord på 1500 m med 3.34,3 i 2009, men kom ikkje lengre enn til semifinalane under verdsmeisterskapen i Berlin. Året etter forbetra han seg til 3.32,9 under eit stemne i Monaco. I 2011 vart han nummer tre på 1500 m og vann 800 m under Afrika-leikane i Maputo.

I OL-sesongen 2012 vann Makhloufi 800 meter i Afrika-meisterskapen i Benin med personbeste 1.43,88. Tre veker seinare flytta han i Monaco også den personlege rekorden på 1500 m, då til 3.30,8. Under Sommar-OL i London like etter var han påmeld til både 800 m og 1500 m. Der bestemte han seg for å satse einast på 1500-meteren og vart fyrstemann både i forsøksløpet og semifinalen. Han vart så tvinga til å stille i forsøket på 800 m, men sprang sakte og braut tidleg. Dette førte til at Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) diskvalifiserte han frå leikane. Makhloufi protesterte på avgjerda, ei avgjerd som vart omgjort etter han la fram ein dokter-uttale som sa han var plaga med smertar i eit kne. Dermed fekk han delta i finalen på 1500 m, eit løp han vann med ein margin på sju tidels sekund til sølvmedaljøren og over sekundet til bronsevinnaren.

Sjukdom førte til at 2013-sesongen gjekk fløyten for Makhloufi. I 2014 forbetra han den personlege rekorden 1500 m til 3.30,4 i Qatar, utan å kom på sigerspallen. Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing enda han på fjerdeplassen på 1500 m, i eit felt der det skilde 0,18 sekundar mellom nummer to og fem.

Under dei olympiske sommarleikane i Rio de Janeiro i august 2016 vann Makhloufi sølv på 800 meter og sette algerisk rekord med 1.42,61, slått einast av verdsrekordhaldar David Rudisha som vart klokka inn på 1.42,15. Fem dagar seinare tok Makhloufi ein ny sølvmedalje i eit regelrett luseløp på 1500 m, ei tevling som Matthew Centrowitz frå USA vann på tida 3.50,0, den svakaste vinnartida i ein OL-finale på 84 år.

 
Målgang på 1500 m-finalen i VM 2015, Makhloufi heilt til høgre

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre