Henry Vestine
amerikansk gitarist
Henry Charles Vestine (25. desember 1944–20. oktober 1997)[1] med kallenamnet «The Sunflower», var ein USA-amerikansk gitarist, som hovudsakleg var kjend som medlem av bandet Canned Heat. Han var med gruppa frå starten i 1966 til juli 1969. I seinare år spelte han i lokale band, men kom stundom attende til Canned Heat for eit par turnear og innspelingar.
Henry Vestine | |
Fødd | 25. desember 1944 |
---|---|
Fødestad | Takoma Park i Maryland i USA |
Død | 20. oktober 1997 (52 år) |
Dødsstad | Paris i Frankrike |
Fødenamn | Henry Charles Vestine |
Alias | The Sunflower |
Opphav | USA |
Aktiv | 1966-1997 |
Sjanger | Blues, elektrisk blues, bluesrock, boogierock |
Instrument | gitar |
Tilknytte artistar | Canned Heat, Albert Ayler, Mothers of Invention |
Plateselskap | Capitol Records |
Verka som | gitarist |
I 2003 vart Vestine av musikkmagasinet Rolling Stone kåra til den 77. beste gitaristen gjennom tidene.[2]
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Henry Vestine» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Long Strange Tale of Henry Vestine». Vipertoons.com. Henta 26. august 2018.
- ↑ Doyle, Patrick. «Music News | Latest in Rock, Indie, Hip Hop and More». Rolling Stone. Henta 26. august 2018.[daud lenkje]