Herøynytt
Herøynytt var ei nettavis på Sunnmøre. Nettstaden vart skipa i 2002[1], og lagt ned i 2018.
Nettavisa hadde kontor i Fosnavåg og faste tilsette i redaksjon og marknad.[1] Herøynytt drifta òg tenester som nettkamera, bruktmarknadsplass, eiga skipstrafikkteneste og skipslister.[2]
I 2010 vart Herøynytt kjøpt opp av mediehuset Sunnmørsposten.[1] Nettavisa vart drive vidare som eige medie, men vart gradvis gjort om til ei rein avisside for Sunnmørsposten sine artiklar. I samband med oppkjøpet av papiravisa Vestlandsnytt i 2017, varsla Sunnmørsposten at Herøynytt ville bli avvikla ved lansering av Vestlandsnytt på nett.[3]
Herøynytt vart tatt av nett ved utgangen av februar 2018, etter 16 års drift.[4]
ReferansarEndra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Herøynytt selt til Sunnmørsposten». smp.no (norsk bokmål). 21. mai 2010. Arkivert frå originalen 2018-01-04. Parameteren
|access-date=
er ikkje støtta av malen. (hjelp) - ↑ «Herøynytt». 8. mars 2009. Arkivert frå originalen 2009-03-08. Henta 7. mars 2018.
- ↑ «No blir avisa digitalisert». Sunnmørsposten. 29.04.2017. s. 8.
- ↑ «Herøynytt». Henta 28.02.2017.