Herbert Kroemer
Herbert Kroemer (fødd 25. august 1928) er professor i data- og elektroteknikk ved University of California i Santa Barbara i USA. Han mottok ein doktorgrad i teoretisk fysikk i 1952 frå universitetet i Göttingen i Tyskland, med avhandlinga si om varme elektron-effektar i den nye transistoren. I 2000 vart Dr. Kroemer, saman med Zjores I. Alferov og Jack S. Kilby tildelt Nobelprisen i fysikk.
Herb Kroemer | |||
Kroemer i 2008 | |||
Fødd | 25. august 1928 (96 år) Weimar i Tyskland | ||
---|---|---|---|
Død | 8. mars 2024 | ||
Bustad | USA | ||
Nasjonalitet | Tysk Amerikansk | ||
Område | elektroteknikk, fysikk, teoretisk fysikk, faststoff-fysikk, halvleiarar | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | University of California, Santa Barbara University of Colorado Boulder | ||
Alma mater | Universitetet i Jena University of Göttingen | ||
Doktorgradsrettleiar | Fritz Sauter | ||
Doktorgradsstudentar | William Frensley | ||
Kjend for | Elektroteknikk og anvendt fysikk | ||
Medlem | Akademie gemeinnütziger Wissenschaften National Academy of Sciences National Academy of Engineering American Physical Society |
Han hadde tidleg suksess i eit ganske anna emne då han saman med Burgess og Houston i 1953 oppdaga ein matematisk feil i Nordheims teori om elektron-tunnelen gjennom biletstyrken med avrunda barriere som vert nytta i teorien i feltet om utslepp av elektron.
Herbert Kroemer arbeidde i fleire forskingslaboratorium i Tyskland og USA og underviste i elektroteknikk ved University of Colorado frå 1968 til 1976. Han slutta seg til UCSB-fakultetet i 1976.
Herbert Kroemer er medlem av National Academy of Engineering. Saman med Charles Kittel er han medforfattar av den populære læreboka Thermal Physics (Termisk fysikk på norsk) som vart publisert for første gong i 1980, og som framleis er i bruk i dag.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Herbert Kroemer» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.