Herbie Lovelle

Herbie Lovelle (1. juni 19248. april 2009) var ein USA-amerikansk trommeslagar, som spelte jazz, R&B, rock og folk. Han var òg studiomusikar og skodespelar.

Onkelen til Lovelle var trommeslagaren Arthur Herbert. Lovelle byrja karrieren sin med Hot Lips Page seint i 1940-åra, og såelte i 1950-åra med saksofonisten Hal Singer, Johnny Moore's Three Blazers og pianisten Earl Hines. Gjennom både Lucky Thompson og Jimmy Rushing i Count Basie's Orchestra, vart han fast trommeslagar i Savoy Ballroom i New York City i det meste av 1950-åra. Han turnerte med tenorsaksofonisten Arnett Cobb og pianisten Teddy Wilson i 1954.

I 1966 var han trommeslagar for TV-showet til Sammy Davis jr..

Lovelle byrja å spele meir R&B i 1950-åra og arbeidde som studiomusikar, ofte med Sam Taylor. Han spelte på album av Bob Dylan (The Freewheelin' Bob Dylan), Pearls Before Swine, Eric Andersen, David Blue, John Denver, Tom Rush, B.B. King, John Martyn (Stormbringer!), Strangeloves, The McCoys og The Monkees. Han fortsette som studiomusikar godt inn i 1980-åra.

Frå 1980-åra og utover arbeidde han mykje som skodespelar, mellom anna i Law & Order (1995–2004). Av filmar han deltok i finn ein mellom anna Bella (2006), Mitchellville (2004) (Sundance), The Rhythm of the Saints (2003), Don't Explain (2002), The Curse of the Jade Scorpion (2001), Down to Earth (2001), Girlfight (2000), Maximum Risk (1996), Getting Away with Murder (1996), White Lies (1996), Bleeding Hearts (1994), The Paper (1994), Running on Empty (1988), Death Wish III (1985), A Man Called Adam (1966).

Diskografi endre

Med Rusty Bryant

Med Buck Clayton

Med Art Farmer

Med Johnny Hodges

Med Red Holloway

Med Richard «Groove» Holmes

Med Lightning Hopkins

Med Illinois Jacquet

Med Budd Johnson

Med Herbie Mann

Med Buddy Tate
Med Dicky Wells

Med Jimmy Witherspoon

Med John Denver


Kjelder endre