Herborg Bryn (fødd 3. september 1957) er ein norsk journalist frå Voss.

Herborg Bryn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. september 1957 (67 år)
Voss herad Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, radioprogramleiar, kommunikasjonssjef, kanalsjef
Ektefelle Ingolf Håkon Teigene, Tom Remlov Sjå dette på Wikidata

Ho utdanna seg i journalistikk ved Høgskulen i Volda (1980).[1] Sidan vart ho engasjert i NRK (1983), fyrst som leiar av Ungdommens radioavis, seinare som programleiar i P2, radioprogrammet Her og nå og andre nyhendeprogram. Ho var kommunikasjonssjef i Raude Kors 1998-2005, kanalsjef i P2 2005-09 og vart kommunikasjonsdirektør i Den norske legeforening i 2009.

I 2013 byrja ho som kommunikasjonsdirektør i Statistisk sentralbyrå.[2]

Bryn er syster til NRK-journalisten Ingvild Bryn og var gift med NRK-journalisten Ingolf Håkon Teigene fram til 1998.[3] Ho vart seinare gift med Tom Remlov.[4]

Kjelder

endre
  1. Studiestaden Volda, eit naturleg fysteval Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. fra Høgskulen i Volda
  2. «Herborg Bryn - SSB» (på norsk). Henta 15. oktober 2018. 
  3. Med rett til å gråte fra Dagbladet (21.6.2003)
  4. «Hver morgen våkner Riksteatrets nye sjef og gleder seg til å vekke kona» Dagbladet, 24. juni 2015