Herma Bauma

austerriksk idrettsutøvar

Hermine Leopoldine Bauma, kjend som Herma Bauma, (23. januar 19159. februar 2003) var ein austerriksk friidrettsutøvar og handballspelar, fødd og død i Wien. Ho tok Austerrikes fyrste olympiske gullmedalje i ei friidrettsøving då ho vann spydkasttevlinga under London-OL 1948.

Herma Bauma


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 23. januar 1915
Wien
Død

9. februar 2003 (88 år)
Wien

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1948

Utmerkingar

æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Aktiv endre

Bauma vart austerriksk meister i spydkasting 16 år gammal. To år seinare deltok ho i øvinga i Verdsleikane for kvinner og vann sølvmedaljen med eit bestekast på 40,30 m, vel to meter bak vinnaren, tyske Lisa Gelius. Då Sommar-OL 1936 fann stad i Berlin vart Bauma nummer fire etter eit kast på 41,66 m, slått av bronsemedaljøren med 14 centimeter.

Sommaren 1947 sette Bauma verdsrekord med 48,21 meter heime i Wien. Året etter vart ho i London olympisk meister med eit kast på 45,57 m, før ho den 12. september forbetra sin eigen verdsrekord til 48,63 m, også då heime i Wien. Ved europameisterskapen 1950 i Brussel fekk ho sølvmedaljen i spydtevlinga, medan ho vart nummer ni med 42,54 m under Sommar-OL 1952 i Helsinki.

Frå 1931 til 1952 vart Bauma austerriksk meister i spydkast femten gongar, og femkampmeister tre gongar. Ho forbetra den austerrikske spydrekorden 14 gongar. Den siste rekorden stod til Erika Strasser i 1959 kasta spydet 48,99 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • Sommar-OL 1936: Nr 4 – 41,66 m
  • Verdsleikane 1934 i London: Sølvmedalje – 40,30 m, bakom Lisa Gelius (42,43 m)
  • OL 1948 i London: Gullmedalje – 45,57 m, framom Kaisa Parviainen (43,79 m)
  • EM 1950 i Brussel: Sølv – 43,87 m, bakom Natalja Smirnizkaja (47,55 m)
  • OL 1952 i Helsinki: Nr 9 – 42,54 m

Bauma spelte i fleire år på det austerrikske landslaget i handball.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre