Ella Anker

norsk journalist

Eli Birgit «Ella» Anker (2. juni 187020. april 1958) var ein norsk journalist, utanrikskorrespondent, forfattar og kvinnesaksforkjempar.

Ella Anker

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juni 1870
Vang kommune
Død

20. april 1958 (87 år)

Yrke politikar, journalist, skribent, biograf
Politisk parti Arbeiderdemokratene, Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, Arbeidarpartiet
Far Herman Anker
Mor Marie Elisabeth Anker
Ektefelle Vilhelm Dons
Ella Anker på Commons
Fru Ragna Nielsens første artiumskull i 1887. Biletet er teke av fotograf Ludwik Szaciński dei Ravics, og er i Oslo Samlingane til museum. Bak frå venstre Ragnhild Qvam, Aasta Kjølseth, Gudrun Broch, Ella Anker. Framme frå venstre: Regine Haug, Ragna Nielsen og Marie Lundquist.
Fotografi frå haven på Landbruksskolen Bodin: Gudrun Nissen sin og Nils Ankers bryllaup, 28. juli 1902. Ella Anker sit i lys kjole føre til venstre i biletet; brudgomen er hennes bror. Biletet tilhøyrer Nasjonalbibliotekets biletarkiv.

Familie endre

Anker vart fødd på Sagatun folkehøgskole i Vang. Foreldra hennar var Herman Anker (1839-1896) og danskfødde Marie Elisabeth «Mix» Bojsen (1843-1892).[1]

Ho var syster av Katti Anker Møller, svigerinne av Kai Møller[2] og Johan Castberg,[3] sønedotter av politikaren Peter Martin Anker, og niese av Nils Anker, Christian August Anker og Dikka Møller.[1][4] Forfattaren Nini Roll Anker var gift med fetteren til Ella, Peter Martin Anker frå 1892 til 1907, og med ein annan av fetrane sine, Johan August Anker, frå 1910.

I desember 1892 gifta Ella Anker seg med Vilhelm Dunker Dons (1868-1908), som var barnebarn av forfattaren Vilhelmine Ullmann. Ekteskapet tok slutt i 1906. Systrene til Vilhelm Dunker Dons var gifte med høvesvis Nils Kjær og Jens Thiis.

Utdanning endre

Ella Anker tilhøyrde det første kolet som tok artium ved Fru Ragna Nielsens skule i Kristiania i 1887.[5]:s.92 Skulestiftaren Ragna Nielsen var mostar til Ellas seinare ektemann, Vilhelm Dunker Dons. I 1888 tok Ella examen philosophicum, og i 1892 var ho det første kvinnelege styremedlemmet i Det Norske Studentersamfund,[5]:s.49 men heile styret vart ekskludert fordi dei engasjerte seg i den såkalla «flaggstrida» ved å protestera mot Unionsflagget og krevja eit reint, norsk flagg utan unionsmerke.

Folkevisedans endre

Saman med Hulda Garborg, Randi Blehr og Janna Kielland danna Ella Anker ei dansegruppe for å vekka interesse for det dei kalla «folkevisedans». Til tonane av Per Spelmann, Kongen og Knut Liten og eit par danske folkeviser utvikla dei ringdansane som skulle representera ein stolt og særnorsk danseform. Den 30. mars 1900 deltok dei i ei førestilling arrangert av Bondeungdomslaget (BUL) i Kristiania. To år seinare drog Hulda Garborg til Færøyene og henta inspirasjon til å vidareutvikla danseuttrykket.

Karriere endre

Privatsekretær og politikar endre

Frå 1902 til 1904 arbeidde ho som privatsekretær for Wollert Konow, som var politikar tilhøyrande Frisindede Venstre og gift med mostera hennar. Ella engasjerte seg sjølv til å bli med i Frisinnede Venstre, men i 1890 slutta ho seg til [[Arbeiderdemokratene. I 1926 vart ho medlem av Noregs Socialdemokratiske Arbeidarparti, og i 1927 gjekk ho over til Det norske Arbeidarparti. Under stortingsvalet i 1921 var ho tredjekandidat på lista til arbeidardemokratane i Akershus.

Journalist og utenrikskorrespondent endre

Etter at Vilhelm Dunker Dons døydde i 1908 arbeidde ho i redaksjonen til tidsskriftet Hver 8de Dag, og ho vart òg korrespondenten til Dagbladet i Roma. Frå 1910 til 1920 var ho London-korrespondent for fleire norske aviser, blant anna for Dagbladet og Verdens Gang. Frå 1923 var ho journalist i ukebladet Norges Kvinder. Ho var ein av stiftarane av Anglo-Norse Society in London i 1918, og i 1921 etablerte ho syster-organisasjonen Anglo-Norse Society in Oslo/Norsk-Britisk Samskipnad. For desse initiativa mottok ho ærestilvisinga Order of the British Empire.

Kristendom og spiritisme endre

Ella Anker var ein svært produktiv skribent og forfattar, og var engasjert i ei rekkje tema. Ho hadde ei sterk kristen tru og var i tillegg tilhengar av spiritismen, som ho hadde stifta bekjentskap med då ho var korrespondent i London. Dette gav seg utslag i bøker som Personlighetens liv etter døden (1911), Ukjendte kræfter (1912) og Til vern om den kristne moral (1950). Saman med Ragna Nielsen var Ella Anker ein pådrivar for å vinna tilhengarar for spiritismen i Noreg, og i 1912 henta dei eit medium frå London til Kristiania. Det vart halde ei rekkje seansar som vekte stor oppsikt. Ein komité leidde av vitskapsmannen Kristian Birkeland undersøkte saka og konkluderte med at seansane sannsynlegvis var rein bløff, men initiativtakarane avfeia kritikken.[6]

Grønlandsk suverenitet endre

Ho støtta òg det kontroversielle norske kravet på suverenitet over Grønland. Om dette temaet skreiv ho bøkene Grønland for Norge (1923) og Norges rett til Eirik Raude's land (1931), i tillegg til ein artikkel i vekebladet Norges Kvinder i 1931, med tittelen Det norske folks undergang på Grønland under danskestyret. Anker gav òg ut skodespelet Eirik Raude for å fremja Grønlandssaka. Eit anna av hennar skodespel ber tittelen Olavsbilæte (1923).

Andre interessefelt endre

Ella Anker var òg ei gloande talskvinne for fred mellom nasjonane, mødreløn, som systera Katti Anker Møller fremja forslag om i 1919 og som Ella i 1928 skreiv ei bok om. Ho var også oppteken av fråhaldssaka.[7] Ho engasjerte seg òg sterkt mot abort og mot bruk av preventiv.[8]

Biografi om Herman Ankar endre

I 1936 gav Ella Anker ut biografien Sagatun. Herman Ankers liv og virke. Biografien handla om far hennar og folkehøgskolen som var barndomsheimen hennar .[1]

Prisar og utmerkeringar endre

Anker vart tildelt den britiske Order of the British Empire (OBE) for sitt bidrag til å fremja kontakt og forståing mellom nordmenn og britar.

Bibliografi endre

  • 1905: A few facts fron Norwegian history and politics
  • 1909: Et aar i Rom
  • 1911: Personlighetens liv efter døden
  • 1912: Ukjændte kræfter
  • 1923: Grønland for Norge
  • 1923: Olavsbilæte – historisk skodespel etter Heimskringla
  • 1928: Mødrelønn
  • 1931: En moralsk verdensvilje – Ramsay MacDonald og britisk politikk
  • 1932: Norges rett til Eirik Raudes land
  • 1933: Eirik Raude – sogespel
  • 1936: Sagatun – Herman Ankers liv og virke
  • 1939: Sange til Sagatun
  • 1950: Til vern om den kristne moral

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Høyer, Svennik (25. februar 2020). «Ella Anker». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Lønnå, Elisabeth (25. februar 2020). «Katti Anker Møller». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «Norske kvinder : en oversigt over deres stilling og livsvilkaar i hundredeaaret 1814-1914.», www.nb.no, henta 10. november 2021 
  4. Bratberg, Terje (19. mars 2021). «Anker». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  5. 5,0 5,1 Ebbell, Clara Thue (1907). Kvindelige studenters jubilæumsskrift: 1882-1907. Brydes bogtrykkeri. 
  6. Artikkel om norsk idéhistorie på nettstedet Forum Berle, der Ella Ankers og Ragna Nielsens engasjement for spiritisme er omtalt.
  7. Ella Ankers bok Mødrelønn fra 1928 i Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek.
  8. «5000 Fosterdrap pr. Aar i Norge, ifølge Statistiske Opgaver.», www.nb.no, 29. desember 1938, henta 10. november 2021 

Litteratur endre

Bakgrunnstoff endre