Herman Fredrik Zeiner-Gundersen

norsk militær

Herman Fredrik Zeiner-Gundersen (4. juli 191513. oktober 2002) var ein norsk general fødd i Helsingfors i Finland.

Herman Fredrik Zeiner-Gundersen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. juli 1915
Helsingfors
Død

13. oktober 2002 (87 år)
Bærum kommune

Yrke offiser
Verv Norsk forsvarssjef
Periode 1972-1977
Føregangar Folke Hauger Johannessen
Etterfylgjar Sverre Hamre
Herman Fredrik Zeiner-Gundersen på Commons

Zeiner-Gundersen tok utdanning i militær høgskule i 1938. I 1942, under andre verdskrigen, var han kaptein i den norske brigaden i Storbritannia. I 1957 vart han forfremja til oberst. Deretter fekk han titlane generalmajor og sjef for Distriktskommando Trøndelag i 1963, stabssjef i Forsvarsstaben i 1964. Han var øvstkommanderande i Nord-Noreg 1967-1972, og vart utnemnd til generalløytnant i 1970. General Zeiner-Gundersen var forsvarssjef i tidsrommet 1. januar 1964–31. januar 1972. Frå 1977 til 1980 var han formann for NATOs militærkomité.

I eigenskap av forsvarssjef mottok Zeiner-Gundersen, som den siste, Storkorset av St. Olavs Orden i 1977.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre