Herman Munthe-Kaas
norsk arkitekt
Herman Munthe-Kaas (25. mai 1890–5. mars 1977) var ein norsk arkitekt og møbeldesignar. Saman med Gudolf Blakstad dreiv han arkitektfirmaet Blakstad og Munthe-Kaas Arkitekter i rundt 50 år. Dei samarbeida om fleire byggverk, mellom anna Haugesund rådhus, Odd Fellow-bygget i Oslo, Oslo Handelsgymnasium, Kunstnernes Hus og Elgseter bru i Trondheim. Dei teikna òg kyrkjer, mellom anna Bodø domkyrkje.
Herman Munthe-Kaas | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. mai 1890 Christiania |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Herman Munthe-Kaas på Commons |
Munthe-Kaas fekk Houens fonds diplom to gonger saman med Blakstad; for Kunstnernes Hus i 1931 og for Haugesund rådhus i 1934. I 2004 blei Elgeseter bru frå 1950 tildelt Betongtavlen.
Kjelder
endre- Herman Munthe-Kaas frå Norsk biografisk leksikon
- Houens fonds diplom frå Norske Arkitekters Landsforbund
- Betongtavlen 2004 Arkivert 2016-07-03 ved Wayback Machine.