Gudolf Blakstad
Gudolf Blakstad (19. mai 1893–22. november 1985) var ein norsk arkitekt. Han vart fødd i Gjerpen nær Skien, og døydde i Oslo.
Gudolf Blakstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. mai 1893 Gjerpen kommune |
Død |
22. november 1985 (92 år) |
Yrke | arkitekt |
Far | Wilhelm Blakstad |
Gudolf Blakstad på Commons |
Blakstad tok utdanning ved Noregs tekniske høgskole, med eksamen frå arkitektlinja i 1916. Han arbeidde i to år hos arkitekt Arnstein Arneberg, før han i 1918 starta sin eigen praksis i Oslo. I 1919 teikna han Oslo Nye Teater saman med Jens Dunker. Som arkitekt arbeidde han mykje saman med Herman Munthe-Kaas som han hadde firma saman med i rundt 50 år. Ein kan vanskeleg skilje verka deira frå einannen.
Blakstad vart kjend for arbeidet sitt i overgangen mellom nyklassisisme og funksjonalisme i norsk arkitektur. Blakstad er særleg kjend for å ha teikna Haugesund rådhus (1922) i nyklassisistisk stil og Kunstnernes Hus i Oslo i funksjonalistisk stil.
Blakstad fekk Houens fonds diplom tre gonger; i 1930 saman med Jens Dunker for Det Nye Teater i Rosenkrantz' gate i Oslo, i 1931 og 1934 saman med Herman Munthe-Kaas. Dei fekk prisen for Kunstnernes Hus i 1931 og for Haugesund rådhus i 1934. I 2004 blei Elgeseter bru frå 1950 tildelt Betongtavlen.
Kjelder
endre- Gudolf Blakstad frå Norsk biografisk leksikon
- Houens fonds diplom frå Norske Arkitekters Landsforbund
- Betongtavlen 2004 Arkivert 2016-07-03 ved Wayback Machine.