Herman Vogt Krefting

(Omdirigert frå Herman Peter Vogt Krefting)

Herman Peter Vogt Krefting (14. mai 17848. desember 1863) var ein norsk jurist og stortingsmann. Han var fødd i København som son av eigaren av storgarden Falkensten i Horten.

Herman Vogt Krefting
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mai 1784
København
Død

8. desember 1863 (79 år)
Fredrikstad

Yrke jurist, politikar
Språk norsk

Folketeljinga 1801 viser at Krefting då gjekk latinskulen på Kongsberg. Deretter studerte han jus og vart cand. jur. i 1807. Han arbeidde så som sakførar, før han var konstituert sorenskrivar i elleve år, dels i Aker og dels i Moss. I tillegg var han overrettsprokurator i Christiania frå 1814. Same året vart han også justissekretær i Trondhjems stiftsoverrett.

Krefting representerte Moss på det overordentlege Storting i 1814. Han var då visesekretær i Odelstinget.

På 1820-talet vart Krefting permittert frå embeta sine, grunna sinnssjukdom. I 1828 fekk han avskjed med pensjon. Dei siste 25 åra av livet budde han hos ei dotter i Fredrikstad, der han døydde 79 år gammal.

Kjelder endre