Hertug Charles av Orléans
Hertug Charles av Orléans (24. november 1394–4. januar 1465) var ein kongeleg fransk hertug som var brorson av kong Karl VI av Frankrike. Han var son av prins Ludvig av Frankrike, hertug av Orléans, og Valentina Visconti. Charles av Orléans er særleg kjend som diktar, og skreiv kring femhundre dikt.
Charles av Orléans | |||
| |||
Fødd | 24. november 1394 Paris | ||
---|---|---|---|
Død | 5. januar 1465 Amboise | ||
Alle titlar | hertug | ||
Hus eller slekt | Huset Valois | ||
Gravstad | Klosterkyrkja Saint-Denis | ||
Land | Frankrike | ||
Mor | Valentine Visconti | ||
Far | Louis Ier d'Orléans | ||
Ektefelle | Isabella av Valois, Bonne of Armagnac, Maria av Cleves | ||
Barn | Ludvig XII av Frankrike, Joan of Valois, Duchess of Alençon, Marie of Orléans, Viscountess of Narbonne, Anne of Orléans, Abbess of Fontevraud |
Biografi
endreCharles fekk hertugtittelen sin i 1407, etter at faren hans var blitt myrda, og blei samtidig leiar for partiet til armagnakane. Han låg i stadige kamp med Johan den uredde og engelskmennene, og blei teken til fange i Slaget ved Agincourt i 1415. Han sat fanga i England i 25 år, fram til han blei frigjeven 1440.
Etter dette spelte han ikkje noka politisk rolle, men budde på slottet sitt i Blois med eit litterært hoff der han sjølv var den fremste diktaren. Med Charles av Orléans fekk den franske lyrikken tilbake mykje av friskleiken og behaget sitt, og han blei ein forløpar for Clément Marot. Charles av Orléans interesserte seg meir for forma enn innhaldet i sine ballades, chansons og rondeaux .[1]
Han var fyrst gift med kusina si, den franske prinsessa Isabella av Valois, i 1406, for andre gong med Bonne av Armgnac i 1410, og sist med Maria av Kleve i 1440. Han var soneson til Karl V av Frankrike og far til Ludvig XII av Frankrike.
Galleri
endre-
Bilde av hertug Charles av Orléans i fangenskap i Tower i London, frå ei illuminert utgåve av diktarverket hans.
-
Biletteppe av Charles av Orléans og Maria av Kleve.
Kjelder
endre- ↑ Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 20, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 885.
- Denne artikkelen bygger på «Karl, hertig av Orléans» frå Wikipedia på svensk, den 6. juni 2024.