Clément Marot

fransk poet

Clément Marot (fødd ca. 1496 i Cahors i Frankrike, daud 12. september 1544) var ein fransk diktar under renessansen.[1]

Clément Marot

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 2. desember 1495
Cahors
Død

12. september 1544 (48 år)
Torino

Yrke lyrikar, skribent, omsetjar
Språk oksitansk, Quercy-dialekt
Sjanger brevlitteratur
Far Jean Marot
Clément Marot på Commons

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Far til Marot, Jean Marot (1463–1523), som også var diktar, var kammertenar hjå kong Frans I.

Diktar endre

Marot studerte i Paris, og i 1519 blei han pasje hjå systera til kongen. Han vann gunsten til kongen med diktet «Le temple de Cupidon», og drog med han til Italia. I 1525 blei han teken til fange i slaget ved Pavia, men blei raskt frigjord frå fangenskapet.

I 1526 blei han fengsla, skulda for kjetteri. Han sat fyrst i Châtelet og deretter i Chartres, men blei lauslaten av Frans I, som han hadde skrive eit dikt til. I fengselet satiriserte han over klagarane sine og dommarar i det allegoriske diktet «L'enfer».

Han blei skulda for å vera kalvinist att, denne gongen av Sorbonne, og flykta i 1535 til dronning Marguerite av Navarra og vidare frå henne til hertuginne Renée i Ferrara, der han gjekk over til protestantismen. Sidan drog han til Venezia. I 1536 kom han tilbake til Frankrike, der han blei verna av kongen til 1542, då han igjen fekk Sorbonne på nakken, no for ei omsetjing av salmane til David. Dette gjorde at han måtte flykta til Genève og derfrå vidare til Torino.

I diktinga til Marot møter renessansen og reformasjonen kvarandre. Det gjekk ut frå mellomalderen, men blei etter kvart meir og meir prega av ånda og tenkjemåten i den nye tida ettersom han vart påverka av dei klassiske diktarane og av dei italienske humanistane. Som hoffmann og hoffdiktar utdanna Marot seg til ein vittig, konverserande og åndfull poet.

Marot gjorde seg merka som salmediktar, og hovudtyngda i det hugenottiske salmeverket Pseaumes de David mis en rime francaise par Clément Marot & Theodore de Beze kjem frå han. I Norsk salmebok og Norsk salmebok 2013 er han representert med ein salme.

Samanlagt forfatta Clément Marot 65 epistlar, 80 rondoar, 15 balladar, 300 epigram og 27 elegiar. Han var djupt forankra i alle lyriske former i den franske tradisjonen, som han vidareutvikla, og var ein av dei fyrste som på inspirert vis innførte tonegjevande italienske og klassiske diktformer. Han var også populær. Ei samlingsutgåve av verka hans, Les Œuvres (1538), blei gjeven ut att eit par hundre qonger berre på 1500-talet.

Kjelder endre

  1. Tilley, Arthur (1904). «Chapter IV. Marot». The Literature of the French Renaissance I. Cambridge University Press. s. 53–83.