Hessdalen kyrkje

kyrkje i Holtålen kommune

Hessdalen kyrkje er ei langkyrkje i Holtålen kommune i Trøndelag fylke. Kyrkja vart oppført på overgangen mellom 1930- og 1940-talet og formelt innvigd først i 1949.[1]

Hessdalen kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Gauldal
Sokn Hessdalen
Fellesråd Holtålen
Arkitekt John Tverdahl
Teknikk Laft
Material Tre
Innvigd 1949
Takryttar I nordaust
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1705, frå Ålen stavkyrkje
Altartavle 1600-talet, frå Ålen stavkyrkje
Sitjeplassar 186
Kart
Hessdalen kyrkje
62°47′27″N 11°10′53″E / 62.7907°N 11.1813°E / 62.7907; 11.1813
Wikimedia Commons: Hessdalen kirke

Byggverket er i tømmer og har 186 sitjeplassar.

Noko av inventaret er overteke frå Ålen stavkyrkje, som vart riven etter at dagens Ålen kyrkje stod klar. Det gjeld altartavla frå 1600-talet og preikestolen frå 1705.

Kyrkjegarden vart teken i bruk allereie i 1905, altså fleire tiår før kyrkja vart oppført.

Fotnotar endre

  1. Bakås (1990), s. 9.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre