Ålen kyrkje
Ålen kyrkje står i Ålen i Holtålen kommune i Trøndelag fylke og er ei langkyrkje frå 1881.[1]
Ålen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: PerPlex | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Gauldal | ||
Sokn | Ålen | ||
Fellesråd | Holtålen | ||
Type | Langkyrkje | ||
Periode | Nygotikk | ||
Arkitekt | Jacob Digre[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1881[1] | ||
Tårn | Ved vestre enden av skipet | ||
Kyrkjegard | Nordom kyrkja | ||
Preikestol | Frå 1881, av Jacob Digre[1] | ||
Døypefont | Frå 1650, i messing.[1] | ||
Altartavle | Frå 1881, av Carl Fridtjof Smith[1] | ||
Sitjeplassar | 322[1] | ||
Ålen kyrkje 62°50′38″N 11°17′07″E / 62.8438°N 11.2852°E | |||
Wikimedia Commons: Ålen kyrkje |
Ho er bygd i tre i nygotisk stil.[1] Arkitekt for kyrkja var Jacob Digre.[1] Kyrkja er orientert aust-vest med koret i aust og har hovudinngang gjennom tårnfoten i vest. Nord og nordvest for kyrkja er det gravplass.
Kyrkja ligg på nordsida av Fylkesveg 30.
Ålen kyrkje er soknekyrkje i Ålen kyrkjesokn i Gauldal prosti i Den norske kyrkja.
Inventar
endreAltertavle
endreAltertavla er måla av Carl Fridtjof Smith.[1] Ho er frå innviingsåret og er ein kopi etter Rubens.[1] Motivet er krossfestinga.[1]
Preikestol
endrePreikestolen er laga av arkitekten for kyrkja, Jacob Digre, og er i tre.[1]
Døypefont
endreDøypefonten er frå 1650 og er i messing.[1] Kyrkja har to døypefontbekken frå 1789. Dei er også i messing.[1]
Kyrkjeklokker
endreDet er to kyrkjeklokker i kyrkja. Den eldste er frå 1736, den andre er frå 1907.[1] Klokka frå 1907 er laga ved Bakklandets støperi og har innskrifta «Land, land høre Herrens ord».[1]
Tidlegare kyrkjer i Ålen
endreDen noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå mellomalderen. Delar av stavkyrkja vart nytta då nabokyrkja Haltdalen stavkyrkje skulle setjast oppatt på museum i Trondheim på slutten av 1880-åra.[2] Vestportalen, dørbladet og vestveggen i Haltdalen stavkyrkje stammar frå Ålen stavkyrkje.[2][3] Portalen har halvsøyler og vassliljekapitél.[4]
Referansar
endre- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Ålen kirke, Haltdalen». Våre kirker : norsk kirkeleksikon Vanebo Forlag,. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 239. ISBN 82-7527-022-7.
- ↑ 2,0 2,1 ««Haltdalen stavkirke» på nettstaden til Trøndelag Folkemuseum». Henta 10. juni 2009.
- ↑ «Jørgen Jensenius: «Haltdalen stavkirke» på nettstaden stavkirke.org». Henta 10. juni 2009.
- ↑ «Eva Valebrokk og Thomas Thiis-Evensen: «Haltdalen stavkirke» på side 88/89 i Levende fortid : de utrolige stavkirkene frå 1993».
Bakgrunnsstoff
endre- Om Ålen kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Sør-Trøndelag» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av Ålen kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Ålen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren