Hevel Eilot regionale kommune

Hevel Eilot regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית חבל אילות, Mo'atza Azorit Hevel Eilot) er ein regional kommune i Det sørlege distriktet i Israel, nær byen Eilat. Han er den sørlegaste, regionale kommunen i Israel.

Hevel Eilot regionale kommune
regional kommune
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 29°55′59″N 35°04′01″E / 29.933°N 35.067°E / 29.933; 35.067
Kart
Hevel Eilot regionale kommune
29°55′59″N 35°04′01″E / 29.933°N 35.067°E / 29.933; 35.067
Wikimedia Commons: Hevel Eilot Regional Council

Det bur berre kring 3 300 innbyggjarar i kommunen, fordelt på tolv landsbyar. Areaet er kring 2 200 kvadratkilometer. Den største byen i området, Eilat, har eit eige bystyre og er ikkje ein del av den regionale kommunen.

Geografi endre

Hevel Eilot regionale kommune grensar i nord til Sentral-Arava regionale kommune, i aust til Jordan, i sør til Eilat og i vest til Egypt og det sentrale Negev.

Hevel Eilot er eit område som består av tørr ørken. Det er lite nedbør om vinteren og ingenting om sommaren, då temperaturane ofte stig over 40 ºC. Dyre- og plantelivet er typisk for ein ørken.

Timnaparken er eit naturreservat som dekkjer eit stort område i regionen.

Det første kommersielle solkraftverket i Israel, bygd av Arava Power Company, ligg i Ketura.

Regionen, som ligg langt unna det sentrale Israel, er ikkje knytt til det nasjonale vassleidningsnettet. I staden får ein vatn gjennom avsalting av vatn frå Raudehavet.

Busetnader i kommunen endre

Det er 12 busetnader i kommunen: 10 kibbutzar og to fellesbusetnadar.

Kibbutzar endre

Fellesbusetnader endre

Bakgrunnsstoff endre