Yotvata (hebraisk skrift יָטְבָתָה) er ein kibbutz langs Aravahvegen sør i Negev i Israel. Han har kring 310 medlemmar og i alt 700 innbyggjarar. Aravahdalen er ein tørr ørken med mindre enn 30 mm nedbør i året og temperaturar som ofte går over 40 °C om sommaren og 20 °C om vinteren.[2]

Yotvata
יָטְבָתָה
kibbutz
Yotvata med Edomfjella i bakgrunnen.
Land  Israel
Region Aravah
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 29°53′44.16″N 35°3′36.35″E / 29.8956000°N 35.0600972°E / 29.8956000; 35.0600972
Folketal 640  (2009)[1]
Grunnlagd 1957
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Yotvata
29°53′44″N 35°03′36″E / 29.895555555556°N 35.06°E / 29.895555555556; 35.06
Wikimedia Commons: Yotvata

Han ligg kring 40 km nord for Raudehavet og var den første og i dag den største og mest velståande kibbutzen i Hevel Eilot regionale kommune. Han er relativt langt unna større byar (41 kilometer nord for Eilat og 130 kilometer sør for Dimona, og er senteret i regionen med skule, kommunekontor, samfunnssenter, sportssenter, kino, konsertsal og ei lokal flystripe.

Historie endre

 
Ein Radian

Yotvata vart grunnlagd i 1951 som ei Nahal-busetjing kalla Ein Radian. I 1957 vart han den første kibbutzen som vart grunnlagd sør i Aravah-regionen av Ihud HaKvutzot VeHakibbutzim. Kibbutzen er kalla opp etter ein israelittisk leir som er nemnt i Fjerde mosebok 33:34 og Femte mosebok 10:7: «Derifrå drog dei til Gudgod og frå Gudgod til Jotba, eit land med mange bekker.»[3][4][5]

Grunnleggjarane var ei lite gruppe menn og kvinner i 20-årsalderen som nettopp var ferdig med militærtenesta og ønskte å leve eit pionerliv i ørkenen. Dei hadde store utfordringar der med den steikande sola, varmen, vassmangelen, salt jord og vatn, avgrensa transporthøve og ingen sikre inntektskjelder. Dei prøvde å dyrke mange typar jordbruksvarer utan hell, medan daddelplantasjane såg ut til å gå bra i dei tørre tilhøva.

 
Yotvata - 2003

Etter kvart fekk dei midlar til å starte med meieridrift, for å levere mjølk til Eilat.[6]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre