Opna hovudmenyen

Hideki Yukawa

japansk fysikar

Hideki Yukawa (湯川 秀樹) (23. januar 19078. september 1981) var ein japansk fysikar.

Hideki Yukawa
Yukawa.jpg
Fødd23. januar 1907
Azabu
Død8. september 1981
Kyoto
NasjonalitetJapan
Områdefysikk
Yrketeoretisk fysikar, professor, fysikar, kjernefysiker
InstitusjonarUniversitetet i Tokyo
Universitetet i Kyoto
Columbia University
Universitetet i Osaka
Alma materUniversitetet i Paris
Universitetet i Kyoto
EktefelleSumi Yukawa
MedlemRoyal Society
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det japanske akademi
Det pavelege vitskapsakademiet
Royal Society of Edinburgh
American Academy of Arts and Sciences
National Academy of Sciences
Indian National Science Academy
American Physical Society

I 1949 vart han tildelt Nobelprisen i fysikk og vart med det den første japanaren med ein nobelpris. Yukawa vart i 1967 utnemnt til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.

Han var professor i Kyoto frå 1939 til 1970 og gjesteprofessor ved Columbia University i New York frå 1949 til 1953. Mellom 1953 og 1970 var han òg direktør for Forskningsinstituttet for fundamental fysikk i Kyoto. Yukawa sette i 1935 fram ein teori for å forklare kreftene som virkar mellom nukleona i ei atomkjerne. Teorien baserte seg på at det måtte eksistere partiklar med masse mellom elektronet og protonet. Desse partiklane vart først kalla Yukawa-tron, mesotron, og vert i dag kalla meson. Pi-mesona vart oppdaga i 1947 og hadde dei eigenskapane som teorien til Yukawa sa dei skulle. I 1949 fekk han Nobelprisen i fysikk for den teoretiske skildringa av mesona.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hideki Yukawa