Hildesheim
Hildesheim er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Innerste, som er ei sideelv til Leine.
Hildesheim | |
---|---|
Domkyrkja St. Andreas i Hildesheim. Ho har det høgaste spiret (114,5 m) i Niedersachsen. | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Niedersachsen Ingen Hildesheim |
Grunnlagd | 815 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
92,96 km² |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
102 654 1 104/km² |
Koordinatar | 52°9′0″N 9°57′0″E / 52.15000°N 9.95000°E |
Høgd over havet | 78 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 31101–31141 |
Telefon-retningsnummer | 05121 |
Bilnummer | HI |
Heimeside: www.hildesheim.de |
Den romanske domkyrkja St. Maria frå 800-talet vart øydelagd i 1945, men rekonstruert kort tid etter krigen. Denne og kyrkja Michaeliskirche vart plassert på UNESCO si verdsarvliste i 1985.
Historie
endreByen vart eit sete for Bispedømet Hildesheim i 815. I fire hundre år styrte prestestanden Hildesheim, før det vart bygd eit rådhus og innbyggjarane fekk noko meir påverknad. I 1367 vart Hildesheim eit medlem av Hansaen.
Byen vart hardt råka av dei allierte sine bombetokt under den andre verdskrigen i 1945, særleg 22. mars. Sentrum, som hadde hatt preg av ein mellomalderby fram til då, vart fullstendig jamna med jorda. Etter krigen vart byen bygd opp att i ein ny stil med betongbygningar i staden for dei eldre bygningane. Seint i 1970-åra byrja ein derimot å rekonstruere det historiske sentrumet. Dei firkanta betongbygningane vart rive ned og erstatta med kopiar av dei opphavlege bygningane.
I 1970-åra vart òg universitetet Stiftung Universität Hildesheim oppretta.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hildesheim» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2007.