Hildur

kvinnenamn

Hildur er eit kvinnenamn som har komme via islandsk frå norrønt Hildr.[1] Dette var namnet til ei valkyrje i norrøn mytologi. Namnet tyder 'strid', og ei anna form av same namnet er Hild.[1]

Hildur og Hild har i Noreg namnedag 18. januar.[1]

Bruk endre

Bruken av namnet i Noreg endre

Namnet var ein god del bruka rundt førre hundreårsskifte, men frå midten av 1920-åra har bruken av namnet gått attende, og i siste halvdelen av 1900-talet var det få jenter som fekk dette namnet.

  • I folketeljinga frå 1801 var namnet ikkje registrert.
  • I 1900 var 1358 listeførte med namnet i formene Hildur eller Hildor, ei heitte Hildør.
  • I 2008 hadde 1768 kvinner Hildur til første fornamn,

Kjende namneberarar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Alhaug, Gulbrand (8. juli 2020). «Hildur». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff endre