Himmelblå er ein norsk dramaserie produsert av NRK Drama. Serien er hovudsakleg spelt inn på Ylvingen i Nordland, som også er der mesteparten av handlinga går føre med.

Himmelblå
Typefjernsynsserie
SjangerDramaserie
OpphavslandNoreg
Produksjonsland Noreg
Introduksjonsår2008
Sesongar3
Episodar24
Lengd25 minutt
SpråkNorsk
SkaparTimothy Prager
ProdusentTore Bergstrøm
Vegard Sternberg Eriksen
Basert påTwo Thousand Acres of Sky
MusikkMartin Horntveth
MedverkandeLine Verndal
Periode7. september 2008–
25. april 2010
KanalNRK
Biletformat16:9
LydformatSurround

Himmelblå hadde premiere 7. september 2008 på NRK1. Serien vann klassen beste TV-drama under Gullruten 2009. I tillegg vann Lena Kristin Ellingsen frå serien klassen beste kvinnelege skodespelar under same utdelinga.

Den norske serien byggjer på Two Thousand Acres of Sky som blei vist på BBC1 frå 2001 til 2003. Denne blei skriven av Timothy Prager og produsert av Adrian Bate

Handlinga endre

Serien handlar om eit lite øysamfunn i Nord-Noreg, Ylvingen. Skolen på øya har for få elevar til at det kan sikrast vidare drift. Derfor set lokalbefolkninga inn ein annonse i VG og søkjer etter ein etablert familie med barn i skolepliktig alder. I Oslo jobbar aleinemora Marit (Line Verndal) som kokke med mykje kveldsarbeid. Ho vil nytte høvet til å starte eit nytt liv med eiga verksemd der. Kim blir med som fiktiv «ektemann». På Ylvingen startar ho pensjonatet Himmelblå.

Produksjon endre

Eva Dahr var konseptuerande regissør for serien. Dei andre regissørane var Vibeke Ringen, Anne Sewitsky, Tor Tørstad og Mathias Calmeyer. Manuset er skrive av Kathrine Haugen, Sissel Haugen, Lasse Nederhoed, Anne Sewitsky og Mathias Calmeyer. Margrete Kåset har vore manusredaktør. Sjefsfotografar har vore Helge Semb, Hans Erik Lindbom , Christine Heitmann og Leif O. Bergundhaugen, og musikken er laga av Martin Horntvedt. Produsentar for serien var Tore Bergstrøm og Vegard Stenberg Eriksen, lineproducarar Inger Vatne og Cecilie Nordstrøm. Prosjektsjef for serien og initiativtakar var Petter Wallace. Dramasjef var Hans Rossine.

Sjølv om både innspeling og handling er lagt til Ylvingen på Helgeland, snakkar skodespelarane ikkje helgelandsdialekt, men eit standard nordnorsk talemål, tilpassa dialektar lenger nordfrå.[1]

Premiere endre

Premieren vart send søndag 7. september 2008 med to episodar første dag. Den første episoden vart sett av 922 000 sjåarar, mens episode to som gjekk rett etterpå, hadde 1 099 000 sjåarar, noko som var rekordtal for ein norsk dramaseriepremiere etter år 2000.

Sjåartala nådde i den siste episoden som vart send på NRK1 søndag 22. mars 2009 1 309 000.

Skodespelarar Rollenamn Funksjon/forhold Sesong
Line Verndal Marit Hovudperson 1-
Edward Schultheiss Kim Bestevennen og den fiktive ektemannen til Marit (i starten) 1-
Elvira Haaland Iris Dottera til Marit 1-
Sebastian Warholm Robin Sonen til Marit 1-
Ketil Høegh Brynjar Ylvingen Handelsmann 1-
Guri Johnson Liv Kona, deretter eks-kona, til Brynjar 1
Ingrid Vollan Britt Sambuar, deretter kona til Brynjar; lærer 1-
Lena Kristin Ellingsen Karoline Ylvingen Dottera til Brynjar og Liv 1-
Hallvard Holmen Roy Harry Hansen Skyssbåteigar og -drivar 1-
Terje Skonseng Naudeer Roland Ylvingen Bror til Vivian 1-
Nina Bendiksen Vivian Søster til Roland 1-
Mathias Calmeyer Jens Ektemannen til Vivian 1-
Sondre Aasen Lille-Jens Sonen til Vivian og Jens 1-
Gunnar Søla Amund Far til Vivian og Roland 1
Sigmund Sæverud Johan Ektemannen til Ingeborg 1-
Julie Øksnes Ingeborg Kona til Johan 1-2
John Sigurd Kristensen Halle Sonen til Johan og Ingeborg 1-
Zita Djenes Klara Hushalderska til Halle, frå Romania 1-
Eirik Evjen Kristoffer Omreisande skolefotograf 1
Iren Reppen Monica Tidlegare skolekamerat av Roy 1-
Marika Enstad Rakel Tilbakeflyttande 2-
Kamilla Grønli Hartvig Kristel Dotter av Rakel 2-

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Brønnøysund avis, arkivert frå originalen 13. oktober 2008, henta 14. mai 2009 

Bakgrunnsstoff endre