Iren Reppen

norsk skodespelar og songar

Iren Reppen (fødd 19. desember 1965) er ein norsk skodespelar, tekstforfattar og songar. Ho er tilsett som skodespelar ved Det Norske Teatret.

Iren Reppen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1965 (58 år)
Harstad kommune
Yrke skodespelar, songar, teaterskodespelar, filmskodespelar
Ektefelle Hallvard Holmen
Iren Reppen på Commons

Reppen er oppvaksen i Harstad, og gjekk på Statens Teaterhøgskole i perioden 1987 til 1990. Ho hadde scenedebuten sin i 1990 som Julie i Romeo og JulieTrøndelag Teater. Reppen har vore tilsett ved Det Norske Teatret sidan 1992, men er òg kjend frå ulike oppdrag for NRK TV og nyvinninga Det e hardt å være mainn.[1] Iren Reppen var teatersjef for Hålogaland Teater frå 2009 til 2013. Ho var medlem av Norsk kulturråd i perioden 2012 til 2015.[2]

De' e' hardt å være mainn endre

Det e hardt å være mainn er ein kabaret som hadde urpremiere under Festspillene i Nord-Norge i 1994, og hennar eigne tekster frå denne førestillinga har seinare vorte til plata Det e hardt å være mainn. Ho hadde førestillinga saman med dansaren Jo Strømgren. Dei reiste på turné med denne med Riksteateret i Nord-Noreg i 1995, og førestillinga vart òg sett opp på Det Norske Teatret om hausten det året. Songtekstane skreiv ho i 1992, og desse handlar om makt, kjønn og kjærleik presentert på ein ironisk måte. Musikken er komponert av Svein Gundersen.

Harald Eia brukte figuren «Kattekvinnen» frå kabareten i komiserien Åpen post.

I samband med bryllaupet til kronprins Håkon og Mette-Marit fekk dei ei CD-samling i gåve. Det e hardt å være mainn var ein av desse.

Det er hardt å være 2 kom som ein slag oppfølgjar i 2004. Dette var eit bestillingsverk frå Harstad kulturhus. I denne tilstellinga var det òg med ein dansar, denne gongen Lars Jacob Holm, og eit band. Førestillinga turnerte i regi av Riksteatret.

Teater endre

Eit utval større roller:

1990-92 Trøndelag Teater
  • 1990: Julie i «Romeo og Julie»,
  • 1992: Anne i «Anne Franks dagbok».
1992-2007 Det Norske Teateret
  • 1992: Adele i «Bernarda Albas Hus», Lorca
  • 1993: Irina i Stein Winges «Tre Systrer», Tsjekov
  • 1994: Cressida i «Trolius og Cressida», Shakespeare
  • 1994: Lillebror i «Karlson på taket», Astrid Lindgren.
  • 1996: Hedda i «Hedda» av H. Ibsen, regi Stein Winge
  • 1996: Helena i «Ein midtsommernattsdrøm», regi: Silvio Purkarete.
  • 2000: Laura Isaksen i musikalen «Bør Børson»
  • 2001: Rebekka i Line Knutzons «Snart kjem tida».
  • 2001: Lise i musikalen «Antons villfaring» av Jan Eggum og Erlend Loe
  • 2003: «Musikal Musical» (Et potpurri med musikal-sanger)
  • 2003/2004: Maggie i musikalen «Frendelaus»
  • 2004: Ingrid i dramatiseringen av Duuns «Juvikfolke»
  • 2005: Anna Petrovna i Tsjekovs «Ivanov»
  • 2005: Revyen «Det folk vil ha» av og med Are Kalvø
  • 2006: Cabaret: «Danse samba med meg» av Cornelis Vreeswijk
  • 2006: «Verdas mest forelska par» av Rune Belsvik, to ulike roller.
  • 2007: Belise i «Lærde damer» av Molière, regi: Hilda Helwig
  • 2007: «Den arabiske natta» av Ronald Schimmelpfennig, regi: Jon Tombre
  • 2014: Parmakar og Fromme Sara i «Spelemann på Taket», regi Erik Ulfsby
  • 2014: «Eit hav av slike som Kaspar Hauser» Regi: Hilde Brinchmann
  • 2015: Jon Fosses Draum om Hausten. Regi: Trine Wiggen
2009- Hålogaland Teateret
  • 2009: Teatersjef frå 1. januar.
  • 2009: Regissør i konsertførestillinga «20 Teddy uten filter».
  • 2011: Regi Karius og Baktus med Ketil Høegh og Hallvard Holmen i rollene
  • 2012: Madame Thénardier i musikalen «Les Misérables», regi Matthias Davids
  • 2012: Moren i «Alexander den store», regi Jon Tombre
2016- Riksteateret
  • 2015: Lona Hessel i Ibsens Samfunnets Støtter. Regi : Peter Langdal
  • 2018: Edith i Arthur Millers Prisen. Regi Kjetil Bang-Hansen

Diskografi - CD endre

  • 1996 Det e hardt å være mainn (eigne tekstar, musikk Svein Gundersen) (også sceneforestilling)
  • 2000 Nattas prinsesse (songtekstar av Nina Valsø, musikk av Frode Fjellheim

Diskografi - radio endre

  • De tøffeste gutta (høyrespel, NRK Barneradioen)
  • «Regine» i Gjengangere av Henrik Ibsen (Radioteatrets arkiv 1995)
  • «Bente» i Markus og rappen frå Markus 1 og 2 av Klaus Hagerup (hørespill)
  • «Signe» i Banevokterens døtre (høyrespel, NRK Barneradioen, dramatisert i 1998)
  • 1999 Jobs Bok (drama etter forteljinga i Det gamle testamentet)

Filmografi endre

  • 1990 For dagene er onde, regi Eldar Einarson
  • 1991 Seks Personer Søker En Forfatter, NRK Drama, regi: Pål Løkkeberg
  • 1992 Krigerens hjerte, regi Redulf Risan
  • 1992 Kortfilm: Nattkino
  • 1994-95 Vestavind, NRK Drama, Gun, regi: Per Bronken
  • 1995 Balto (stemme)
  • 1996 Det e hardt å være mainn, NRK Underholdning, regi: Marit Moum Aune
  • 1997 Nini, NRK Drama, serie, hovudrolla som Nini, regi: Nils Gaup
  • 1997 Herkules (stemme)
  • 1999 Alle Borte, NRK underholdning, programleiar
  • 2001 Shrek – Prinsesse Fiona (stemme)
  • 2001 Nini - den stille uke, NRK Drama, hovudrolla som Nini, regi: Eva Isaksen
  • 2003 Musikal musical, NRK Drama, Transmisjon av teater, regi Daniel Bohr
  • 2004 Shrek 2 – Prinsesse Fiona (stemme)
  • 2005 Elias - Elias kommer til Lunvik- Helinor (stemme)
  • 2007 Der Letzte macht das Licht aus! (tysk spillefilm), regi Clemens Schönborn
  • 2007 Olsenbanden jr. Sølvgruvens hemmelighet, Monica von Klemm, regi Arne Lindtner Næss
  • 2007 Andre omgang, regi Hilde Heier
  • 2008 Rolle i kortfilmen Opptur, regi Ketil Høegh, (originalfilm)
  • 2008 Himmelblå, NRK Drama, regi Eva Dahr
  • 2012 Gnade (norsk-tysk spelefilm), regi Mathias Glasner
  • 2012 Flukt (2012)

Kjelder endre

  1. Iren Reppens oppsetninger ved Det norske teateret
  2. kulturradet.no Rådet, Iren Reppen

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Iren Reppen