Opna hovudmenyen

Hindko (ہندکو, हिन्दको [hindkoŭ]), òg kjend som hindku eller hinko, er eit indoarisk språk som tilhøyrer undergruppa lahnda.[1][2] Det vert tala av hindkowaner i Pakistan og Nord-India, og dessutan av hindki-folk i Afghanistan.[3][4] Hindko er nærskyldt med punjabi. Sjølve namnet hindko (som er ein sammentrekning av hindaku) er pashtunsk og tyder «indisk fjell», eit omgrep pashtunarane gav til folket som migrerte frå «hind», som ifølgje dei låg like austom Indus.[5] Ordet hindko har òg vorte tolka som «Indias språk».[6] Omgrepet finst òg i greske referansar til den fjellrike regionen i det austlege Afghanistan og nordlege Pakistan som Καύκασος Ινδικός (Kaukasus Indikus, eller Hindu Kush).

Språket vert tala i områda Khyber Pakhtunkhwa (inkludert hazarar), Punjab (inkludert Attock) og i Pakistan-administrerte Kashmir av rundt 1,2 til 2 millionar menneske. På det meste finst det 4 millionar menneske som brukar språket. Det blir snakka av ei rekkje ulike folk. Det finst ingen standard hindko, men dei sørlege dialektane er lettare å forstå for alle brukarar enn dei nordlege. Enklast å forstå for andre hindkospråklige er dialektane frå Peshawar og Talagang.

Det finst ingen generiske namn for brukarane fordi dei tilhøyrer ulike etniske grupper og har ein tendens til å identifisera seg sjølv ut frå større familiar eller kastar. Likevel vert folket frå den største gruppa i distrikta Haripur, Abbottabad og Mansehra anerkjent kollektivt som Hazarewal, namngjeve etter den tidlegare Hazara-divisjonen som omfatta desse distrikta. I Peshawar by vert dei kalla peshawari eller kharay av pashtunarane, som har tydinga «byfolk» eller hindkowan.

KjelderEndra

  1. «Journal of the Research Society of Pakistan». Journal of the Research Society of Pakistan 22: 23. 1964. 
  2. «Lahnda». Encyclopædia Britannica. Henta 23. mai 2007. 
  3. Abstract of speakers’ strength of languages and mother tongues – 2001, Census of India (besøkt 19. mars 2008)
  4. «Peshawarites still remember the Kapoor family». Daily Times. Arkivert frå originalen 2012-07-24. Henta 14. september 2007. 
  5. Encyclo pædia Britannica Eleventh Edition - Kohistan
  6. - Gerieson Linguistic Survey of India

BakgrunnsstoffEndra