Viamala
Viamala eller Via Mala (retoromansk for dårleg sti) er ein gammal og frykta del av elva Hinterrhein mellom Zillis-Reischen og Thusis i kantonen Graubünden. Denne smale kløfta var det vanskelegaste hinder på vegen til dei to fjellovergangane Splügen- og San Bernardino-passet.
Viamala | |||
Dal | |||
Viamala med to bruer frå forskjellige tider
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Stad | Graubünden | ||
• høgd | ca. 842 moh. | ||
Lengd | 5 km | ||
Viamala 46°39′42″N 9°26′57″E / 46.661543°N 9.449208°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Via Mala |
Historie
endreHelleristningar i Carschenna viser at det allereie i bronsealderen (ca 1500 f.Kr.) gjekk ein kløvsti over Alpane gjennom desse traktene.
I romartida førte ein veg frå Milano til Lindau over San Bernardino-passet gjennom Via Mala, men det er uklart om han var farbar med vogner.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Viamala» frå Wikipedia på engelsk, og «Viamala» frå Wikipedia på bokmål den 5. november 2011.