For den greske astronomen, sjå Hipparkhos.

Hipparcos (eit akronym for High Precision Parallax Collecting Satellite) var ein satellitt skoten opp av Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA) i 1989. Han var i teneste mellom 1989 og 1993 og var det første romeksperimentet vigd til astrometri, den nøyaktige målinga av stjerneposisjonar, parallaksar og eigenrørsler. Hipparcos-katalogen er ein høgpresisjons-katalog over meir enn 100 000 stjerner som vart publisert i 1997. Tycho-katalogen, med lågare presisjon, over meir enn èin million stjerner vart publisert på same tid, mens den betre Tycho-2-katalogen over 2,5 millionar stjerner vart publisert i 2000.

Hipparcos-satellitten i Large Solar Simulator, ESTEC i februar 1988

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre