Hiri motu
Hiri motu er eit pidginspråk som blir snakka på Papua Ny-Guinea. Språket er hovudsakleg basert på motu, eit austronesisk språk som blir tala rundt den papuanske hovudstaden Port Moresby. Engelsk, tok pisin og polynesiske språk har også påverka språket. Sjølv om ordforrådet er svært likt på motu og hiri motu, er fonologi og grammatikk likevel så forskjellige at språka ikkje er gjensidig forståelege.[1]
Hiri motu | ||
Klassifisering | Pidginspråk motu-basert Hiri motu | |
Bruk | ||
Tala i | Papua Ny-Guinea | |
Hiri motutalande i alt | Få morsmålsbrukarar, men rundt 120 000 har det som andrespråk[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ho | |
ISO 639-2 | hmo | |
ISO 639-3 | hmo | |
Wikipedia på hiri motu |
Hiri motu utvikla seg som handelsspråk lenge før europearar kom til Ny-Guinea, der motufolk handla med andre folkegrupper. I tidleg kolonitid blei språket brukt av politifolk, noko som gav det namnet «politimotu». Rundt 1960 var hiri motu lingua franca i store delar av Papua Ny-Guinea. Etter denne tida har bruken gått nedover ettersom engelsk og tok pisin har teke over.
Språket har både austronesiske og papuanske dialektar. Dei papuanske dialektane er rekna som standard.
Bakgrunnsstoff
endre- Motu hos Ethnologue
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «hiri motu» frå Wikipedia på bokmål, og «Hiri Motu language» frå Wikipedia på engelsk den 31. januar 2013.
- Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Ethnologue