Polynesiske språk
Dei polynesiske språka er ei undergruppe av dei oseaniske språka, ei grein av dei austronesiske språka. Gruppa polynesiske språk omfattar om lag 30 språk med til saman ein million brukarar. Dei fleste brukarane bur i Mikronesia og Melanesia. Dei mest kjende polynesiske språka er tongansk, samoansk, tahitisk, maori og hawaiisk.
Det einaste språket i den polynesiske språkgruppa som har hatt eit eige skriftsystem er rapanui, språket på Påskeøya. Alle levande polynesiske språk vert skrive med det latinske alfabetet.
Språka er kjent for å ha eit svært enkelt lydsystem med mellom åtte og tolv konsonantar og fem vokalar. Fleire konsonantar etter kvarandre vert ikkje brukt. Dette fører til at språka har mange homonym. Grammatikalsk sett er språka analytiske, sidan dei ulike grammatikalske tydingane vert uttrykte ved bruk av partiklar.
Ord som «tabu» og «tatovering» er europeiske låneord frå det polynesiske språket tahitisk.
Polynesisk innanfor austronesisk
endre- Austronesisk
- Formosa-gruppe
- Malayo-Polynesisk
- Vest-Malayo-Polynesisk (med filippinisk, malayisk, java, sumatransk, borneo-språk, malagasy etc)
- Sentral-aust-Malayo-Polynesisk
- Sentral-Malayo-Polynesisk
- Aust-Malayo-Polynesisk
- Sør-Halmahera - vest-Nyguinea - gruppe
- Oseansk
- Admiralitetsøyene
- Vestoseanisk (med Nyguinea-språk, Meso-Melanesisk)
- Sentral-austoseansk
- Søraust-Salomon
- Santa Cruz
- Vanuatu
- Nykaledonia
- Loyalitetsøyene
- Mikronesisk
- Sentral-Pasifisk
- Fiji-Rotuma
- Polynesisk
Klassifikasjon og einskildspråk
endrePolynesisk kan bli delt inn i Tonga-Niue-gruppa, Samoa-gruppa og aust-Polynesisk. Dei to siste blir også samla under nemninga kjernepolynesisk.
- Polynesisk
- Tonga-Niue-gruppa
- Kjernepolynesisk
- Samoa-gruppa
- aust-Polynesisk
- Rapa (500)
- Marquesas-gruppa
- Tahiti-gruppa
- Rapanui (2.500) (austerinsel)
Tala for talarar er frå Ethnologue 2005 og nettlenkja til slutt i artikkelen.
Polynesiske lydsamanlikningar
Sprache | K | T | R | H | Φ | W | NG |
Māori | K | T | R | H | WH, H | W | NG |
Marquesas | K | T | R | H | F | V | N, K |
Tahiti | ʻ | T | R | H | H, F | V | ʻ |
Hawaii | ʻ | K | L | H | H | W | N |
Cookøyene | K | T | R | ʻ | ʻ | V | NG |
Tonga | K | T(s) | L | H | F | V | NG |
Samoa | ʻ | T | L | S, F | F | V | NG |
Tuamotu | K | T | R | H | F, H | V | NG |
Mangareva | K | T | R | H | H | V | NG |
Tabell etter Nevermann 1947[1]
Polynesiske ordsamanlikningar
endreTabellen viser korleis dei polynesiske språka varierer seg i mellom. Avstanden språka i mellom er omtrent som den mellom tysk og nederlandsk eller den mellom spansk og portugisisk.
Norsk | Tongansk | Samoansk | Rapanui | Tahitisk | Maori | Hawaiisk |
---|---|---|---|---|---|---|
himmel | /laŋi/ | /laŋi/ | /ɾaŋi/ | /ɾaʔi/ | /ɾaŋi/ | /lani/ |
nordavind | /tokelau/ | /toʔelau/ | /tokeɾau/ | /toʔeɾau/ | /tokeɾau/ | /koʔolau/ |
kvinne | /fefine/ | /fafine/ | /hahine/ | /vahine/ | /wahine/ | /wahine/ |
hus | /fale/ | /fale/ | /haɾe/ | /faɾe/ | /ɸaɾe/ | /hale/ |
slektning | /motuʔa/ | /matua/ | /matuʔa/ | /metua/ | /matua/ | /makua/ |
mor | /faʔē/ | /tina:/ | /matuʔa/ | /metua vahine/ | /ɸaea/ | /makuahine/ |
far | /tamai/ | /tama:/ | /matuʔa/ | /metua ta:ne/ | /matua/, /pa:pa:/ | /makua ka:ne/ |
Litteratur
endre- Lynch, John: Pacific Languages. An Introduction. University of Hawai'i Press, Honolulu 1998.
- Lynch, John, Malcolm Ross & Terry Crowley (Hrsg.): The Oceanic Languages. Routledge, London - New York 2003.
- Adelaar, Alexander & Nikolaus P. Himmelmann (Hrsg.): The Austronesian Languages of Asia and Madagascar. Routledge, London - New York 2005.
Bakgrunnsstoff
endreFotnoter
endre- ↑ Hans Nevermann: Götter der Südsee. Die Religion der Polynesier. Stuttgart 1947.