Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Nederlandsk».

Nederlendsk (nederlendsk: nederlands) er eit vest-germansk, nedertysk mål. Um lag 21 millionar i verda snakkar dette språket. Den avvikande formi av nederlendsk tala i Belgia vert uhøgtideleg kalla flamsk. Det nederlendske namnet fyr målet er Nederlands. På norsk vert også namnet hollandsk nytta, men sidan dette berre peikar til ein del av Nederland, vert det ikkje sét på sum rett.

Nederlandsk
nederlands
Klassifisering Indoeuropeisk

 Germansk
  Vest-germansk    Lågsaksisk-lågfrankisk     Nedertysk
      Nederlandsk

Talarar nederlendarar
Bruk
Tala i  Nederland
 Belgia
 Aruba
 Sint Maarten
 Surinam
 Sør-Afrika
 Indonesia
Område Nordlege Vest-Europa pluss tidlegare koloniar
Nederlandsktalande i alt 23 millionar
Rangering 48
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i  Nederland
 Belgia
 Aruba
 Sint Maarten
 Surinam
 EU
Normert av Den nederlandske språkunionen [1]
Språkkodar
ISO 639-1 nl
ISO 639-2 dut
nld

Klassifisering og nærskylde språk endre

Nederlendsk er grammatisk på mange måtar liknande tysk, men er i høg grad ulik i uttale. Ein sum kjenner det eine målet , kann med noko trening skyna hitt målet gott. Samanlikn til dømes:

De kleinste kameleon is maar 2 cm groot, de grootste kann wel 80 cm worden. (nederlendsk)
Das kleinste Chamäleon ist nur 2 cm groß, die größten können auch 80 cm erreichen. (tysk)

Nokre mindre nytta ord og vendingar er nærare tysk:

Der kleinste Chamäleon ist nur 2 cm groß, der größte kann wohl 80 cm werden. (mindre vanleg tysk)

(På norsk vert dette: «Den minste kameleonen er berre to cm stor, den største kann verta 80 cm».)

Men det er uttala sum gjer den største skilnaden millom tysk og nederlendsk, på same måten sum skilnaden millom tysk og sveitsartysk (og andre tyske målføre).

Typisk så upptrer dei største skilnadane millom tysk og nederlendsk i korte, men viktige bygnadar og daglege ord sum fylgjer:

Nederlendsk Tysk Umsetjing med utgreiding
maar aber men
slechts nur berre
misschien eller wellicht eller mogelijk [2] vielleicht moglegvis - misschien er tysk - mir schien = eg trur
graag (vestflamsk: gern)/ gaarne gerne gjerne
gereed eller bereid eller klaar[3] fertig eller bereit ferdig/budd - «bereit» svarar til ledda gereed men vanskeleg å skilja
belangrijk eller gewichtig[4][5] wichtig viktig - men òg på tysk: belangreich, sum tyder det same, men så og si aldri vert nytta

Um ein tyskar hev lært eitt til to hundre av desse ordi, i tillegg til nokre reglar, vil den tysktalande skyna nederlendsk skrift nokså bra. Men nederlendsk er ikkje pensum i tysk skule.

Somme plassar vert tysk og nederlendsk til og med tala um lag side um side. Folk sum kann nederlendsk kann sum oftast skyna skriftleg tysk, og tysktalande (sum kann engelsk) kann sum oftast lesa nederlendsk.

Nederlendsk er eit nedertysk språk i den vestgermanske språkgruppa (sjå tabellen over). Det er difor i slekt med andre lågsaksiske og austnedertyske språk, og er (ser ein burt frå frisisk) det målet sum er nærast i slekt med engelsk.

Bakgrunnsstoff endre

Ordbøker endre

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.