Hn/Skanderbeg

Gjergj Kastrioti (140517. januar 1468), meir kjend som Skanderbeg, var ein albansk nasjonalhelt. Skanderbeg var ein osmansk offiser av albansk fødsel som tok tilbake albansk landumråde og kjempa mot den osmanske hæren i tvo tiår. Han er særleg kjend gjenom verket til renessansehistorikaren Marin Barleti.

Hn/Skanderbeg
Portrait of Skanderbeg (1520).jpg

LivEndra

Gjergj (Georg) Kastrioti var fødd i Krujë i midtre Albania, der far hans Gjon Kastrioti var fyrste yver eit osmansk lydrike. Som liten bleiv han og tri brør tekne til det osmanske hoffet for å sikra truskap frå herskaren. Gjergj Kastrioti konverterte til islam og fekk militær upplæring i Edirne. Etter å hava leia mange slag for osmanarane fekk han tilnamnet Arnavutlu İskender Bey, 'fyrst Aleksander Albanaren', etter Aleksander den store. Namnet bleiv seinare albanisert til Skanderbeg. Han bleiv etterkvart utnemnd til general i den osmanske hæren, og kjempa fleire slag i Europa og Vesle-Asia. Han fekk tittelen vali av sultan Murat II, og leidde til slutt ein kavaleristyrke på 5000 mann.

 
Seglet til Skanderbeg.

I 1443 fekk Skanderbeg og fleire andre albanarar høve til å skifta side under eit slag mot ungararane i Niš sør i Serbia. Han drog tilbake til Albania og tok tilbake farsborga i Krujë ved hjelp av eit forfalska brev frå sultanen til guvernøren der. Skanderbeg tok avstand frå islam og erklærte at han ville hemna familien og landet sitt. Han tok i bruk flagg med dobbeltørna, eit gamalt romersk og bysantinsk symbol som ein i dag millom anna finn på det albanske flagget. Han allierte seg med Gjergj Arianit Komneni og gifta seg med dottera hans, Andronike (fødd Marina Donika Arianiti). I 1444 fekk han samla dei albanske prinsane i Lezhë og grunnla ein liga mot osmanarane. Skanderbeg bleiv vald til leiar. Dei neste 25 åri førte albanarane ein nokså vellukka geriljakrig mot osmanarane, der dei gjorde nytte av dei albanske fjelli til å slå mykje større styrkar.

I 1461 bleiv Skanderbeg og den osmanske sultanen einige um ei triårig våpnkvile og deretter, etter ein mislukka osmansk invasjon, ei ny tiårig våpnkvile i 1463. I 1468 kom dei gjenverande albanske fyrstane saman i Lezhë igjen for å organisera ein ny liga og diskutera strategiar. Under møtet bleiv Skanderbeg sjuk av malaria og døydde. Albania var utarma av krig og leiarlaust. Dei osmanske styrkane erobra Krujë i 1478 og Shkodër i 1479. Dette var slutten på organisert albansk motstand.