Hn/Strupesong
- Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Strupesong».
Strupesong (mongolsk chöömij) er ein sereigen songteknikk, som òg vert kalla yvertonesong. Denne songteknikken hev hovudsakleg vore i bruk hjå tuvinar, mongolar og tibetanske munkar, men finst òg i andre musikktradisjonar spreidde utyver det meste av verdi, som hjå inuitar, ainu og xhosa. Strupesongen byggjer på ein langdregen og myrk tone frå langt nede i strupen. Uppå denne tonen kjem andre ljosare tonar ved at strupesongaren set tunga i ulike stodor i munnen. Soleides greider songaren å syngja tvo tonar samstundes; éin jamn og vedvarande undertone frå strupen, og éin yvertone som skifter med den skiftande resonansen frå munnhola.
Strupesong hev vore bruka i vestleg musikk, kann henda serleg som innslag i World Music, men ogso innan andre musikkstilar, so som samtidsmusikken hans Karlheinz Stockhausen.