Hofmannøya
Hofmannøya (russisk Остров Гофмана - Ostrov Gofmana) er ei øy i Frans Josefs land i Russland.
Hofmannøya er 13 km lang og 5 km på det breiaste. Ho ligg 8,6 km aust for Rainerøya og har tre mindre øyar nordaust for seg.
I dag ligg det ein rullebane av snø på Hofmannøya.
Øya er kalla opp etter den russiske mineralogen og utforskaren frå Uralfjella, professor E.K. Hofmann (1801-1871).
Nordaust for Hofmannøya ligg ein 45 km brei kanal kalla Proliv Severo Vostotsjnij, og på andre sida ligg Belaja Zemlja.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hofmann Island» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- http://islands.unep.ch/CEO.htm Arkivert 2013-11-25 ved Wayback Machine.
- E.K. Hofmann
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: