Hogmanay Pass
Hogmanay Pass er eit pass på 1230 moh, like sørvest for Scripps Heights, frå toppen av Caseybreen til midten av Lurabeebreen, nordaust i Palmer Land i Antarktis. Passet vart først fotografert frå lufta av Lincoln Ellsworth i november 1935, og den sørlege delen vart kartlagd frå desse bileta av W.L.G. Joerg. Det vart fotografert på nytt av U.S. Antarctic Service i 1940, og av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947. Passet vart nytta av ei landmålingsgruppe frå Falkland Islands Dependencies Survey i desember 1960 og var ei god slederute. Det fekk dette namnet fordi dei kom til passet den siste dagen i 1960. Nyårsaftaen vert stundom kalla Hogmanay i Skottland.[1]
Hogmanay Pass | |||
fjellovergang | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Grensar til | Scripps Heights | ||
Stad | Aleksanderøya | ||
• høgd | 1 230 moh. | ||
- koordinatar | 69°15′S 64°7′W / 69.250°S 64.117°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hogmanay Pass 69°15′00″S 64°07′00″W / 69.25°S 64.1167°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Hogmanay Pass». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 18. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hogmanay Pass» (innhald frå Geographic Names Information System).