Tømmerhogst

(Omdirigert frå Hogst)

Tømmerhogst vil seia å hogga ned tre og kvista dei for å rydda skog eller, meir vanleg, for å bruka trematerialet. Storparten av tømmeret som blir hogd blir brukt til å laga papir eller trevyrke, men noko blir òg hogd for ved. I dag er det meste av tømmerhogsten i verda avvikla med maskinell drift. Ein person som driv med tømmerhogst vert kalla ein tømmerhoggar.

Moderne tømmerhogst.
Restane etter hogst.
Tømmerarbeid i eldre tid.

Hogst har vore viktig i lange tider for å skaffa materiale til mellom anna hus, båtar, møbel og papirindustrien, men har mange stader ført til avskoging. Nokre stader er skogen heilt forsvunnen; i England vart det meste av skogen utrydda på 1600-talet, og i delar av Amazonas og Indonesia vert det framleis drive rovdrift. I Canada har det òg vore rapportert om rovdrift. I Noreg har det òg vorte teke ut meir tømmer enn tilveksten. Mange stader i Nordland vart skogen nedhoggen for å skaffa materiale til jektbygging, på Røros vart store område snauhoggne for å skaffa ved til smelteverket. Når avviklinga ikkje overstig tilveksten talar ein om berekraftig avvikling.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tømmerhogst
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.