Holbæk er ein fjordby og tidlegare kjøpstad på Sjælland i Danmark om lag 60 kilometer frå hovudstaden København. Med 27 096 innbyggjarar (2013)[1] er det den største byen på Nordvestsjælland. Holbæk er administrasjonsstad i Holbæk kommune og høyrer til Region Sjælland.

Holbæk
Kjøpstadseglet
Kjøpstadseglet
Kjøpstadseglet
Byvåpenet til Holbæk
Byvåpenet til Holbæk
Styresmakter
Land
Region
Kommune
Danmark
Region Sjælland
Holbæk kommune
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2013)

27 096
Koordinatar 55°42′58″N 11°42′49″E / 55.71611°N 11.71361°E / 55.71611; 11.71361
Høgd over havet 11 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: Kommunal heimeside
Gamle hus ved Holbæk Museum.
Sankt Nikolai kyrkje i Holbæk.

Holbæk har vakse opp kring det tidlegare Holbæk slott som blei grunnlagt i 1236 av Valdemar Siger. Byen fekk kjøpstadsrett i 1287. Det er to teoriar om opphavet til namnet «Holbæk»; anten er det ei omskriving av den hule bæk ('holebekken' på norsk) som skal referere til ein bekk som i mellomalderen hadde fàr gjennom byen. Namnet kan òg kome av Den hellige bæk ('den heilage bekken'). Vest for hamna finst det ein liten bekk med namnet «Hulbæk».

I dag er Holbæk ein moderne by og eit viktig handelssentrum på Sjælland. Eit karaktertrekk ved staden er det vakre lægje ved sjøen og dei mange hyggelege kafeane, i tillegg har byen framleis eit mellomalderleg gatenett i bykjerna. Det er gode kommunikasjonssamband til København og Roskilde, både via motorveg og jarnbane. Ein stor del av innbyggjarane er pendlarar til storbyane i kring. Vest for byen ligg Odsherred kommune med jarnbanesamband mellom anna til Nykøbing. Frå ca. 1980 har Holbæk vore ein av dei raskast veksande byane i Danmark.

Attraksjonar

endre
  • Holbæk Museum
  • Sankt Nikolai Kyrkje (sjå bilete)
  • Tveje Merløse Kyrkje, steinkyrkje frå 1100-talet.
  • Holbæk Gamle Havn og Holbæk Skibsværft
  • Andelslandsbyen Nyvang. På Oldvejen søraust for Holbæk er eit levande museum frå 1880-1950 fylt med aktivitetar og utstillingar.
  • Danmarks Vej- og Bromuseum
  • Holbæk Kunstforening Æglageret er eit galleri med skiftande udstillingar, innretta i eit tidlegare egglager
  • Danmarks Ægmuseum er opretta i kjelleren under Holbæk Kunstforenings utstyillingslokale i Egglageret

Musikk og teater

endre
  • Musikhus Elværket
  • Holbæk Teater
  • Teatret Fair Play

Attraksjonar i omlandet

endre
  • Museet Ourø Minder
  • Jernløse Mølle
  • Skamstrup Mølle
  • Torbenfeldt Smedemuseum
  • Buerup Træskomuseum

Nokre bilete frå Holbæk

endre

Kjelder

endre
  1. Danmarks Statistik: FOLK1 2013K4 (Vitja 11. februar 2014)

Bakgrunnsstoff

endre