Odsherred kommune
Odsherred kommune er ein kommune på Sjælland i Danmark som frå 1. januar 2007 høyrer til den nydanna Region Sjælland. Kommunen har 32 605 innbyggjarar (2024).
Odsherred kommune | |||
kommune | |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Region | Sjælland | ||
Adm.senter | Højby | ||
Areal | 354,10 km² | ||
Folketal | 32 605 (2024[1]) | ||
Folketettleik | 92 / km² | ||
Borgarmeister | Karina Vincentz Andersen | ||
Kommunenummer | 306 | ||
Odsherred 55°55′53″N 11°39′43″E / 55.931388888889°N 11.661944444444°E | |||
Kart som viser Odsherred kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Odsherred Kommune | |||
Nettstad: http://www.odsherred.dk/ |
Odsherred kommune omfattar dei tre tidlegare kommunane Dragsholm, Nykøbing-Rørvig og Trundholm.
Kommunesenteret ligg i Højby, men den største byen er Nykøbing. Andre byar er Fårevejle Stationsby, Fårevejle Kirkeby, Asnæs og Vig.
Namnet Odsherred kjem frå Sjællands Odde (heradet med odden) som i nord dannar Hesselø Bugt i Kattegat. Frå Odden er det ferjesamband med Århus og Ebeltoft på Jylland. Lengst vest i kommunen ligg Dragsholm slott. Det er ein kortbaneflyplass ved Højby.
Venskapskommune
endreLokaldemokrati
endreVed kommunevalet den 15.november 2005 fekk Socialdemokraterne 36,4 prosent av røystene. Venstre fekk 33,6 prosent medan ingen av dei andre partia oppnådde meir enn 7,0 prosent (størst var SF).
Kjelder
endre- ↑ «De Kommunale Nøgletal» (på dansk). Indenrigs- og Sundhedsministeriet. Henta 18. mai 2024.
- Valresultat 2005 Arkivert 2008-01-02 ved Wayback Machine.