Hol i Hallingdal
(Omdirigert frå Holing)
Hol er ein tettstad og administrasjonssenteret i Hol kommune i Buskerud fylke. Tettstaden ligg ved fylkesveg 50 på nordsida av Holsfjorden i Holsdalføret og har 298 innbyggjarar per 1. januar 2023.[1]
Hol | |||
tettstad | |||
Hol med innsjøen Holsfjorden
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Kommune | Hol | ||
Areal | 0,39 km² | ||
Folketal | 298 (2023) | ||
Folketettleik | 764 / km² | ||
Postnummer | 3576 HOL | ||
Innbyggjarnamn | holing | ||
Hol i Hallingdal 60°36′54″N 8°17′38″E / 60.61511111°N 8.29397222°E | |||
Wikimedia Commons: Hol (village) |
I Hol er daglegvarebutikk, barnehage og barneskulen Hallingskarvet skole, med omkring 80 elevar. I tettstaden står Hol gamle kyrkje, ei langkyrkje frå 1200-talet. Om lag 3 kilometer søraust for tettstaden er Hagafoss, med Hol kyrkje frå 1924 og Hol Bygdemuseum, ein del av Hallingdal Museum. 20 kilometer vest for tettstaden er Hallingskarvet Skisenter, med tre skiheisar og fleire nedfartar.
Bilete frå Hol
endre-
Hol frå andre sida av Holsfjorden
-
Kommunehuset i Hol
Kjelder
endre- ↑ «Hol – tettsted i Hol kommune». Store norske leksikon. 26. februar 2017. Henta 15. april 2018.