Holla

tidlegare kommune i Telemark fylke i Noreg

Holla er ei tidlegare sjølvstendig kommune i Telemark fylke, oppretta som Holla formannskapsdistrikt i 1837.

Holla kyrkjeruin er frå mellomalderen.
Foto: Ernst Vikne

Det meste av Holla kommune, med 4 093 innbyggarar, blei slått saman med Lunde 1. januar 1964 til den nye Nome kommune.

Valebø krets i Holla, med 259 innbyggarar, blei samtidig slått saman med Gjerpen, Skien og Solum til den nye Skien kommune.

Skodespelaren Gisle Straume var fødd i Holla.