Holla kyrkjeruin er ei tidlegare steinkyrkje ved Ulefoss i Nome i Telemark. Kyrkja blei bygd i tidsrommet 1100-1250, og blei utvida i første halvdel av 1700-talet.

Holla kyrkjeruin ved Ulefoss i Nome kommune. Foto frå tidleg på 1960-talet.
Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling
Portal frå Holla gamle kyrkje
Foto: Ernst Vikne

I 1878, kort tid etter oppføringa av Nye Holla kyrkje, blei den gamle kyrkja riven. Berre 50 år seinare blei kyrkjeruinen undersøkt bygningsarkeologisk.

Eit par hundre meter sørvest for kyrkjeruinen er Holla prestegard.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre