Ulefoss

Ulefoss er ein tettstad i Nome kommune i Vestfold og Telemark fylke. Staden har 2 275 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg ved utlaupet til Eidselva, ved vestre breidda til innsjøen Norsjø. Ulefoss har ei lang historie som sagbruks-, jarnverks- og industristad. Sagverksdrifta starta alt på 1500-talet. Ulefos Jernværk vart skipa i 1657 og er framleis i drift.

Ulefoss
tettstad
Ulefoss hovedgaard utsikt.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold og Telemark
Kommune Nome
Areal 2,38 km²
Folketal 2 275 (2017)
Folketettleik 956 / km²
Postnummer 3830 ULEFOSS
Preposisjon Ulefoss
Kart
Ulefoss
59°16′0″ N 9°16′0″ E
Wikimedia Commons: Ulefoss

Søve videregående skole (tidlegare Søve landbruksskule), Telemark fylkesbibliotek og Holla kyrkje ligg her.

MassemediumEndra

  • Lokalavisa Kanalen

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling på Ulefoss
År Innbyggjarar
1865
  
874
1875
  
906
1890
  
1 206
1900
  
1 223
1910
  
1 154
1920
  
1 771
1930
  
1 682
1946
  
1 908
1950
  
2 213
1960
  
2 387
1970
  
2 497
1980
  
3 123
1990
  
2 857
2000
  
2 708
2009
  
2 720
2012
  
2 726
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

F.o.m. 1920 er Helgeroa og Vesthagen medrekna

 
Ulefoss sluser i Telemarkskanalen gjer det mogleg for båtar å kome forbi den elleve meter høge Ulefossen.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra