Holmen kyrkje i Asker
Holmen kyrkje er ei av kyrkjene i Asker prosti under Oslo bispedøme, og ligg på Vestre Nes, mellom Nesbru og Slependen, i Asker kommune i Akershus fylke.
Holmen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Oslo bispedømme | ||
Prosti | Asker prosti | ||
Arkitekt | Knut Knutsen | ||
Material | Betong | ||
Innvigd | 28. november 1965 | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Døypefont | Granitt | ||
Altartavle | Karl Høgberg | ||
Sitjeplassar | 340+200 | ||
Holmen kyrkje 59°52′19″N 10°29′25″E / 59.87194444°N 10.49027778°E | |||
Wikimedia Commons: Holmen kirke, Asker |
Holmen kyrkje er mellom dei fyrste sokalla «moderne arbeidskyrkjene» som vart bygt i Noreg. Kyrkja er teikna av arkitekt Knut Knutsen, som vann den tilskipa arkitektkonkurransen, og vart vigsla 28. november 1965. Ho har kvadratisk grunnplan, er bygd i betong og mur med høgt saltak i trekonstruksjon, og med to kyrkjeklokker plassert i ein takryttar (ein konstruksjon på mønet) med liknande saltak. Talet på sitjeplassar er 340, som kan aukast med 200 ved å opne opp til ein tilliggjande kyrkjelydssal. Dessutan er det 70 sitjeplassar i ei kyrkjestove.
Altertavla er måla av Karl Høgberg, orgelet (2011) er frå Marcussen & Søn, og dei to kyrkjeklokkene er støypte av Olsen Nauen Klokkestøperi i Tønsberg i 1965.
Det er ikkje gravlund ved kyrkja.
Holmen kyrkje har namnet etter den dåverande Holmen skulekrins, som femna om eit stort geografisk område, frå kommunegrensa mot Bærum og sørover, med Holmen skule på Nesbru som sentrum. Holmen skule hadde namnet etter Holmen ved Holmenbukta i Holmenfjorden, der skulebygningane låg før skulen flytta inn i eit nybygg på Nesbru i januar 1932.
Bakgrunnsstoff
endre- Dahle, Einar; Havran, Jiri (2008). Kirker i Norge, bind 6: Modernismen. 1900-tallet. Oslo: ARFO. s. 148-151. ISBN 978-82-91399-12-6.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 698. ISBN 82-7527-022-7.
- Holmen kirke
- Holmen kirke, Asker på Kyrkjesøk
- Sigrid og Håkon Christie: Holmen kirke i «Norges kirker»
- Budstikkas store Asker og Bærum-leksikon[daud lenkje]
- Holmen kyrkje i Asker i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren