Holmes Summit er eit fjell med ei høgd opp mot 1875 moh., det høgaste fjellet i Read Mountains i Shackletonkjeda i Antarktis. Det vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1967 og vart kartlagt av British Antarctic Survey i perioden 1968–71. I samband med at stader i området vart namngjevne etter geologar, vart det namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1971 etter professor Arthur Holmes, som Holmes Hills i Palmer Land òg er kalla opp etter.[1]

Holmes Summit
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Shackletonkjeda
Topp Coats Land
 •  høgd 1 875 moh.
 - koordinatar 80°40′S 24°40′W / 80.667°S 24.667°W / -80.667; -24.667
Administrert under Antarktistraktaten
Holmes Summit is located in Antarktis
Holmes Summit (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Holmes Summit». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. november 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Holmes Summit» (innhald frå Geographic Names Information System).