Shackletonkjeda[1] er ei fjellkjede i Antarktis. Ho stig opp til Holmes Summit på 1875 moh. og strekkjer seg 160 km frå aust til vest mellom Slessor- og Recoverybreen.[2]

Shackletonkjeda
fjellkjede
Shackletonkjeda, like utanfor isdekket mellom Slessor- og Recoverybreen
Land  Antarktis
Stad Coats Land
 - koordinatar 80°30′S 025°00′W / 80.500°S 25.000°W / -80.500; -25.000
Høgaste punkt Holmes Summit
 •  høgd 1 875 moh.
Lengd 160 km
Areal 14 000 km²
Administrert under Antarktistraktaten
Shackletonkjeda is located in Antarktis
Shackletonkjeda (Antarktis)
Wikimedia Commons: Shackleton Range

Fjellkjeda er kalla opp etter sir Ernest Shackleton, leiaren for den britiske Endurance-ekspedisjonen (eller «Shackleton-ekspedisjonen») 1914-16.[2]

Landmålingar

endre

Commonwealth Trans-Antarctic Expedition (CTAE), som i 1956 såg fjellkjeda frå lufta, gjorde ei landmåling av den vestlege delen i 1957. US Navy fotografert fjellkjeda frå lufta i 1967. I 1968–69 og 1969–70 gjorde British Antarctic Survey (med base på Halley Station) ytterlegare landmålingar med støtte frå eit C-130 Hercules-fly frå US Navy.[2]

Kjelder

endre
  1. Shackletonkjeda (Antarktis) Stadnamn i norske polarområde, Norsk Polarinstitutt
  2. 2,0 2,1 2,2 «Shackleton Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 10. januar 2013.