Holon
Holon (hebraisk skrift חוֹלוֹן) er ein by på den sentrale kyststripa sør for Tel Aviv i Israel. Holon høyrer til storbyområdet Gush Dan. I 2011 hadde han 182 575 innbyggjarar.[1] Holon omfattar eit av dei viktigaste industriområda i Israel, kjend som Business and Industrial Zone Holon.[2] Sidan 1990-talet har dei lokale styresmaktene også lagt vekt på å utvikla byen kulturelt.[3]
Holon | |||
חוֹלוֹן, حولون | |||
by | |||
|
|||
Namneopphav: (Vesle) sand | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Tel Aviv distrikt | ||
Koordinatar | 32°01′N 34°46′E / 32.017°N 34.767°E | ||
Areal | 18,927 km² | ||
Folketal | 182 575 (2013)[1] | ||
Folketettleik | 9 646 / km² | ||
Grunnlagd | 1936 | ||
• Bystatus | 1950 | ||
Borgarmeister | Moti Sasson (Labor) | ||
Holon 32°01′00″N 34°46′00″E / 32.016666666667°N 34.766666666667°E | |||
Kart som viser Holon.
| |||
Wikimedia Commons: Holon | |||
Nettstad: holon.muni.il |
Namn
endreNamnet på byen kjem frå det hebraiske ordet holon, som tyder 'lite sand'. Namnet Holon finst òg i Bibelen: «Holon og Debir med beitemarker» (Josvas bok, 21:15).[4]
Historie
endreHolon vart grunnlagd på sanddyner seks kilometer frå Tel Aviv i 1935.[5] Łódzia tekstilfabrikk vart grunnlagd der av jødiske immigrantar frå Łódź i Polen, i lag med mange andre industriføretak.[5] Tidleg i den arabisk-israelske krigen i 1948 låg Holon ved frontlinja, og det var stadige skotutvekslingar ved grensa til landsbyen Tel A-Rish i nordvest - ein forstad til den arabiske Jaffa. Det var òg samanstøytar i retninga av byen Yazur i aust. Eit åtak på den Holon-baserte Haganah-militsen i Tel A-Rish vart driven attende med store tap. Etter at Israel vart oppretta, vart Holon utvida og tok til seg Tel A-Rish og appelsinlundane i Yazur.
I februar 2001 vart åtte israelarar drepne og 25 skadde i eit palestinsk åtak på ein busstopp i Holon.[6]
Biletet av Holon som ein soveby for arbeidarklassen har endra seg gjennom åra. Byen har no vorte ein barnevennleg by med familieattraksjonar som Yamit vasspark, Det israelske barnemuseet og Israelsk museum for karikaturar og teikneseriar.[7]
Idrett
endre- Hapoel Holon (basketball) – i øvste divisjon, nasjonal meister i 2008 og cupmeister i 2009.
- Hapoel Tzafririm Holon F.C. (fotball) – Liga Alef [3. nivå]
- Maccabi Kiryat-Sharett Holon (handball) – Liga Leumit [1. nivå]
- Hapoel Holon chess (sjakk) – Liga Leumit [1. nivå]
Venskapsbyar
endreHolon er venskapsby med:
|
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Holon» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2010. Henta 6. juli 2015.
- ↑ «Commerce and Industry», Municipality of holon (på engelsk), arkivert frå originalen 4. august 2020, henta 11. mars 2020
- ↑ «The city of Holon», Municipality of holon (på engelsk), arkivert frå originalen 11. april 2021, henta 11. mars 2020
- ↑ «The Story of Holon:Making Sand Dunes Sophisticated». Isrealli.org. Arkivert frå originalen 28. februar 2011. Henta 12. april 2015.
- ↑ 5,0 5,1 The Guide to Israel, Zeev Vilnay, Hamakor Press, Jerusalem, 1972, s.239
- ↑ «Victims of palestinsk Violence and Terrorism since September 2000». Mfa.gov.il. Henta 4. september 2015.
- ↑ Bassok, Moti (November 29, 2013). «Working class Holon aims to attract wealthy home buyers». Haaretz. Henta 4. september 2015.
- ↑ «Cleveland's Sister Cities». cleveland.oh.us. Henta 11. mars 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (engelsk)
- Friends of Holon Foundation (engelsk) Arkivert 2009-10-26 ved Wayback Machine.
- Design Museum Holon (engelsk) Arkivert 2011-01-28 ved Wayback Machine.