Holtet Nunatak
Holtet Nunatak er ein nunatak med ei høgd opp mot kring 1300 moh, 2 nautiske mil nordaust for Grossenbacher Nunatak i Lyon Nunataks i Palmer Land i Antarktis. Han vart kartlagd av US Geological Survey frå flyfoto tekne av U.S. Navy i 1965–68, og frå Landsatbilete teken i 1973–74. Han vart namngjeven i 1987 av Advisory Committee on Antarctic Names etter Jan A. Holtet frå Norsk institutt for kosmisk fysikk, som forska på den øvre atmosfæren ved Siple-stasjonen i 1970–71.[1]
Holtet Nunatak | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Lyon Nunataks | ||
Fjellkjede | Lyon Nunataks | ||
Stad | Palmer Land | ||
• høgd | 1 300 moh. | ||
- koordinatar | 74°50′S 73°56′W / 74.833°S 73.933°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Holtet Nunatak 74°50′00″S 73°56′00″W / 74.8333°S 73.9333°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Holtet Nunatak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Holtet Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).