Honest Lullaby
Studioalbum av Joan Baez
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1979
Innspelt 1979
Sjanger Viser
Selskap Portrait
Produsent Barry Beckett
Joan Baez-kronologi 
The Joan Baez Country Music Album
(1979)
Honest Lullaby Live Europe '83
(1984)


Honest Lullaby er eit studioalbum frå 1979 av Joan Baez. Det var det siste albumet hennar for CBS Records-etiketten Portrait og det siste nye studioalbumet hennar i USA før 1987. Det sjølvbiografiske tittesporet vart skriven for sonen Gabriel Harris, og framført på The Muppet Show i 1980. I tillegg til sine eigne songar inneheld albumet songar av Janis Ian og Jackson Browne. «Let Your Love Flow» var opphavleg ein hit i 1976 for The Bellamy Brothers. I sjølvbiografien sin frå 1987, And a Voice to Sing With, spekulerte Baez i at ho truleg vart droppa frå CBS på grunn av ei politisk usemje med den dåverande direktøren i selskapet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars lenkje

Baez dediserte albumet til journalisten John L. Wasserman. Wasserman døydde i februar det året og hadde skrive notata i omslaget til samleplata The Best of Joan C. Baez i 1977.

Biletet på plateomslaget vart teken av den kjende fotografen Yousuf Karsh.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Let Your Love Flow»Larry E. Williams2:56
2.«No Woman No Cry»Vincent Ford3:57
3.«Light a Light»Janis Ian3:22
4.«Song at the End of the Movie»Pierce Pettis2:51
5.«Before the Deluge»Jackson Browne5:21
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Honest Lullaby»Joan Baez4:02
7.«Michael»Joan Baez6:05
8.«For Sasha»Joan Baez4:44
9.«For All We Know»Sam M. Lewis, J. Fred Coots2:42
10.«Free at Last»Baez, George Jackson2:25

Medverkande endre

Kjelder endre