Janis Eddy Fink (fødd 7. april 1951) er ein amerikansk artist og låtskrivar kjend som Janis Ian. Ho var på sitt mest aktive i 1960- og 70-åra. Ho slo gjennom med låten «At Seventeen» frå 1975-albumet Between the Lines, som nådde til topps på billboard-lista.

Janis Ian

Fødd7. april 1951 (73 år)
FødestadBronx
FødenamnJanis Eddy Fink
OpphavUSA
Aktiv1965–
Sjangerpop, folkemusikk
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapColumbia Records, Atlantic Records, Verve Records, Windham Hill Records
Verka somsongar, songar-låtskrivar, skribent, komponist, låtskrivar, sjølvbiograf, gitarist, lyrikar, science fiction-forfattar, journalist, romanforfattar, plateartist, magazine writer
PrisarGrammy Award for beste talte innspilling, Audie Award for Narration by the Author or Authors

I tillegg til musikarkarrieren er Janis Ian òg spaltist og science fiction-forfattar.[1]

Ian har vore ein kritikar av musikk- og copyrightindustrien, som ho meiner ikkje ivaretar rettane til opphavspersonane. Blant anna av denne grunnen har ho offentleggjort fleire av songane sine til gratis nedlasting.

Biografi

endre

Ian blei fødd i ein jødisk familie i New York by.[2] Ho voks opp i New Jersey, først på ein gard, og gjekk på East Orange High School i East Orange i New Jersey.[3]

Som barn beundra ho Joan Baez og Odetta. Ho starta med pianotimar då ho var seks år gammal. Då Ian var ungdom hadde ho lært seg å spela orgel, cembalo, fransk horn, fløyte og gitar. I ein alder av 12 skrev ho sin første låt, «Hair of Spun Gold», som seinare blei publisert i musikkmagasinet Broadside, og sidan blei spelt på debutalbumet hennar. I 1964 endra ho offisielt namnet sitt til Janis Ian, med broren Eric sitt mellomnamn som sitt nye etternamn.[2]

Diskografi

endre
  • 1967 – Janis Ian (Now Sounds)
  • 1967 – For All the Seasons of Your Mind
  • 1968 – The Secret Life of J. Eddy Fink (Verve)
  • 1969 – Who Really Cares (Verve)
  • 1971 – Present Company (Beat Goes On)
  • 1974 – Stars (Festival Records)
  • 1975 – Between the Lines (Columbia / Sony Music Distribution)
  • 1975 – Aftertones (Festival Records / Mushroom Records)
  • 1977 – Miracle Row (Festival Records)
  • 1978 – Janis Ian (1978) (Festival Records)
  • 1978 – Remember... (Sony Music Japan International)
  • 1979 – Night Rains (BMG International)
  • 1981 – Restless Eyes (Sony Japan / Sony Music / Sony Music Distribution)
  • 1983 – Uncle Wonderful (Audio & Video Labs Inc. / Cooking Vinyl)
  • 1993 – Breaking Silence (Morgan Creek)
  • 1995 – Revenge (Beacon Records – Rock)
  • 1997 – Hunger (Windham Hill Records)
  • 2000 – God & the FBI (Windham Hill Records / BMG International)
  • 2004 – Billie's Bones (Oh Boy)
  • 2006 – Folk Is the New Black (Cooking Vinyl /Rude Girl Records)
  • 2006 – Unreleased 2: Take No Prisoners
  • 2014 – Strictly Solo (Rude Girl)

Prisar og utmerkingar

endre

Ian har vunne to Grammyprisar. Den første fekk ho i 1975 for At Seventeen, og den andre i 2013 i kategorien «Best Spoken Word Album», for sjølvbiografien Society's Child

Kjelder

endre
  1. «Janis Ian: A Life in Song» (PDF). Janis Ian Website. 2006. Arkivert frå originalen (PDF) 7. mai 2007. Henta 9. juni 2007. 
  2. 2,0 2,1 Ankeny, Jason (2003). Bogdanov, Vladimir; Woodstra, Chris; Erlewine, Stephen Thomas, red. All Music Guide to the Blues: The Definitive Guide to the Blues. Backbeat Books. ISBN 0-87930-736-6. 
  3. Nash, Margo. "JERSEY FOOTLIGHTS", The New York Times, 16. mars 2003; Henta 19. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Janis Ian