Idsefjorden er ein 12 km lang fjordarm av Boknafjorden i Strand kommune. Fjorden har innløp mellom øyane Heng og Idse, som han er kalla opp etter, og mellom Heng og Solbakk på fastlandet. Jørpeland ligg på nordsida av fjorden, innanfor Jørpelandsholmen og Fjellsholmen. Her munnar Jørpelandsåna ut i fjorden.

Jørpeland med Idsefjorden

Mellom Idse og fastlandet i aust ligg øya Idsal. Begge desse øyane har brusamband langs fylkesveg 535 til fastlandet over Idsalsundet (til Idsal) og Idsesundet (over til Idse). På andre sida av begge desse sunda ligg Høgsfjorden.

Sør for Jørpeland strekker fjorden seg vidare sørover til garden Botne. Denne inste delen av fjorden vert kalla Botnsfjorden. På austsida av Botnsfjorden ligg grendene Notavika og Jøssang.

Vest for Idsefjorden ligg Horgefjorden, medan Hidlefjorden ligg nord for Heng. Sør for Idse ligg innløpet til Høgsfjorden.