Nashorn

pattedyrfamilie
Nashorn
Utbreiing
Utbreiinga av nashorn
Utbreiinga av nashorn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Hovdyr Perissodactyla
Familie: Nashorn Rhinocerotidae
Gray, 1821

Nashorn (Rhinocerotidae) er upartåa hovdyr. Dei nolevande artene høyrer heime i Afrika og Asia. Dei næraste slektningane til nashornet er truleg hestar og tapirar.

Anatomi endre

Nashorna er store, skremmande dyr med sine store horn på nasen. Hovudet fyller opptil ein tredel av kroppslengda. Augo er små og synet dårleg. Øyro er etter måten store, og høyrsla ganske god. Naseborene er spalteliknande og luktesansen god. Framtennene er utvikla (hjå dei asiatiske) eller rudimentære (hjå dei afrikanske), hjå mange bryt dei ikkje fram. Underkjeven har hjørnetenner, men ikkje overkjeven. Horna, som både hannindivid og hoindivid har, er kjegleforma, og det som sit fremst sit på naseknoklane, det bak (hjå dei artene som har det) sit på pannebeinet. Skinnet til dyret har ein «slapp» utsjånad med mange brettar i. Hornet er òg laga av tett samansett hår.

Åtferd endre

Nashorn kan vera aggressive, og dei kan plutseleg slå til mot eit passerande dyr eller menneske. Viss det er tørke, kan dei åtake dyr som har gått ned til ein dam for drikke. Samstundes kan dei plutseleg slå over frå ein sinnstilstand til ein annan. Likevel har nokre dyr faktisk vore haldne i fangenskap, og har vore ganske greie å ha med å gjere.

Artar endre

Familien er sett saman av fem nolevande artar, fleire blir no rekna som truga på grunn av miljøøydeleggingar. Dessutan omfattar familien òg fleire utdøydde arter, som ullhåra nashorn, som fanst i Europa, og Elasmotherium, som fanst i Sibir.

Noverande artar:

Der er oppretta nasjonalparkar m.a. for å verne bestandane. Ein av dei, Chitwan nasjonalpark, ligg i Nepal.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Rhinocerotidae